VTB var med politiet på vakt.

VTB var med kveldspatruljen frå Kviteseid frå klokka 18 til fire om natta

Sjølv om Vest-Telemark er området dei i hovudsak skal dekkje, så enda det med at me store delar av vakta var i Midt-Telemark. Det er ikkje uvanleg kost, skal ein tru politibetjentane Espen og Torkel.

Seint ut på ettermiddagen møtte underteikna opp på lensmannskontoret i Kviteseid. Der inne gjorde politibetjentane Espen og Torkel seg klare for kveldsvakta. Espen frå Oslo, har arbeidd i Vest-Telemark-området i om lag halvtanna år, medan Torkel, frå Hallingdal, byrja i vår.

– Me er begge glade for å arbeide i dette området. Her får me mykje variert arbeidserfaring, og mykje meir ansvar enn dei som arbeider i større politihus, der det ofte er meir spesialfunksjonar som kjem inn, seier Espen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politijobben her i Kviteseid er den eg har trivest mest med av dei jobbane eg har hatt tidlegare, legg Torkel til.

Espen har ein gong tidlegare hatt ein bladfyk med på patrulje, men for Torkel er det ei ny oppleving.

– Me fekk vite at VTB skulle vere med for nokre veker sidan, og for oss går det heilt fint. Me er positive til at media set fokus på eit så viktig tema som promillekøyring, seier Torkel.

Store avstandar

18.49: Patruljebilen køyrer mot Ulefoss for ei ransaking som eigentleg skulle bli gjort i går, men som det ikkje blei tilstrekkeleg tid til. Huset som skal ransakast er velkjend for politiet, og ransakinga går på narkotiske stoff. Betjentane ynskte å få med seg ein narkotikahund for å gjere oppdraget mest mogleg effektivt. Hundepatruljen må køyre frå Horten, og kan ikkje vere på ransakingsstaden med det fyrste. Patruljebilen frå Vest-Telemark køyrer likevel austover for å patruljere litt i Midt-Telemark.

– Etter at politidistriktet blei slått saman til søraust må patruljebilane i endå større grad dekke for kvarandre. Det vil då seie at me ofte må reise til Midt-Telemark når det er behov for det. Me likar best å vera i Vest-Telemark, men når bemanninga er dårleg må me patruljere i Midt-Telemark og, seier Torkel.

19.19: Patruljebilen kryssar kommunegrensa mellom Seljord og Bø. Denne laurdagen skal artisten Sondre Justad opptre på kroa i Bø, og 19.35 kjem me fram for å høyre med arrangørane om kva politiet eventuelt kan vente seg av aktivitet.

19.55: Køyrer vidare mot Lunde, i Nome.

– No har me ikkje fått beskjed på sambandet at det skjer noko der, men me må vere tilgjengelege, og vere i nærleiken av der det er størst sannsynlegheit for at det skjer noko. Hadde det vore fleire patruljar på vegen kunne me lagt ein plan på kva me ville gjere no, men sidan det for augneblikket ikkje er det så er det viktig å vere open og tilgjengeleg, seier Espen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som er fint med å patruljere er at sjølv om ein ikkje nødvendigvis køyrer mot eit konkret tilfelle, så tenker eg at me likevel vil arbeide førebyggande, ved at me er synlege for folk. Eg opplever det slik at i dei områda me viser oss mest, har folk ein mindre terskel for å ringe til oss, medan mange tenker det ikkje er vits å ringe der me ikkje har vist oss tilstrekkeleg. Det synest eg er trist, men eg vil at folk skal vite at det hjelper å ringe inn, seier Torkel engasjert.

Betjentane innrømmer at Vest-Telemark sitt store areal byr på problem.

– Dei store avstandane påverkar sjølvsagt kapasiteten til politiet, seier Torkel.

20.22: Planlegg å køyre frå Lunde tilbake mot Seljord og Kviteseid, men når me kjem fram til Bø får betjentane beskjed på sambandet at hundepatruljen frå Horten reknar med å vere på ransakingsstaden om halvannan time.

– Då trur eg ikkje me rekk å køyre tilbake til Kviteseid i mellomtida, seier Espen til kollegaen sin.

– Huff, eg kjenner eg får litt dårleg samvit for at me ikkje viser oss der, svarar Torkel.

– Ja, eg er einig i det, men slik er det diverre nokon gonger.

– Kvifor får de dårleg samvit?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei på puben i Seljord og Kviteseid set pris på når me kjem innom, difor er det synd at me ikkje får det til som me ynskjer. Me kjenner jo på det at me gong på gong ikkje får til å kome innom der me vil i Vest-Telemark, og det er synd, svarar Torkel.

20.45: Etter å ha køyrd litt rundt i Bø får me beskjed om at hundepatruljen er oppteken med eit anna oppdrag. Det gjer at me får moglegheit til å ta turen tilbake til Vest-Telemark før dei ei ferdige.

20.59: Patruljebilen er tilbake i Vest-Telemark. Når me byrjar å snakke om promillekøyring fortel dei to betjentane at oppfatninga deira er at promillekøyring er eit utbreitt problem i Vest-Telemark.

– Det er nok godt over snittet med folk som køyrer med promille her i samanlikna med mange andre plassar. Det ser me på talet på dei som blir tekne, og på dei meldingane me får inn, seier Torkel.

– Eg meiner det er eit stort problem her. Eg trur mykje av årsaka ligg i dei lange avstandane, og dårlege moglegheiter til å kome seg heim med kollektivtilbod, eller drosje i mange tilfelle. Det betyr likevel ikkje at det er akseptabelt, seier Espen.

– Der eg var i praksis var det veldig få som blei tatt for promillekøyring, i motsetnad til her. Forholda kan nok samanliknast, men der har eg høyrd dei har vore gjennom ei haldningsendring over mange år. Eg trur det er vegen å gå her òg, seier Torkel.

21.40: Tek ein tur innom Bakeriet pub i Kviteseid. Der går det roleg for seg, og dei frammøtte sit og kosar seg med intimkonsert.

– I dette tilfellet var det ikkje naudsynt å gjere noko meir enn å vise oss i vindauget utanfor. I situasjonar der det er roleg og under kontroll ynskjer ikkje me som politi å kome inn døra for å bli eit unødvendig blikkfang, fortel Espen når me går tilbake til bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

21.45: Torkel tek ein telefon til hundepatruljen frå Horten. Dei fortalde at dei kunne vere på ransakingsstaden om ein time, dermed vende patruljebilen frå Vest-Telemark nok ein gong snuten mot Midt-Telemark.

– Me skjønar veldig godt frustrasjonen frå innbyggjarane i Vest-Telemark til at politiet ikkje er synlege nok, seier båe seg einige i.

Torkel forstår spesielt frustrasjonen til lokalbefolkninga i Tokke og Fyresdal.

– Sjølv om me ikkje alltid får vere så mykje i Kviteseid så vil jo me som arbeider her alltid vere her to gonger i løpet av ei vakt, når me køyrer ut, og når me kjem inn. Det har Tokke og Fyresdal mista lensmannskontora blei lagt ned, seier han.

22.41: Framme i Ulefoss, me ventar nokre kilometer unna ransakingsstaden på at hundepatruljen som då er i Porsgrunn skal kome. Via sambandet kjem det nokre minuttar seinare beskjed om pågåande vald mot ei kvinne i Porsgrunn. Hundepatruljen frå Horten er næraste patruljebil og tek oppdraget.

– F... heller, no må me vente endå lenger, me burde vore i Vest-Telemark no, bryt Espen ut.

– Misforstå meg rett her, eg meiner jo sjølvsagt ikkje det er feil at dei må ta den saka, som næraste patrulje, men eg synest berre det var litt uflaks at det var akkurat dei, legg han til.

22.50: Torkel ringer patruljeleiaren i søraust, for å høyre om ein patrulje frå Bø kan ta over saka, sidan me no mest sannsynleg må vente ei stund, og han ynskjer òg å kome seg vestover. Han får ikkje svaret han ynskjer seg. Sidan det er for stor pågang i Bø må patruljebilen frå Kviteseid framleis ta ransakinga i Ulefoss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det her viser diverre realiteten ved at me ikkje kan vere så mykje i Vest-Telemark som me ynskjer, seier Espen.

22.57: Hundepatruljen er frigjort i Porsgrunn, og kan med det køyre mot Ulefoss.

23.05: Det blir sett i gang kontroll på forbikøyrande bilar, medan dei ventar på hundepatruljen.

23.18: Får beskjed om at hundepatruljen nærmar seg, og at dei kan køyre nærare den aktuelle staden for å starte ransakinga.

23.24: Betjentane parkerer 100 meter unna staden, og går til fots mot huset. Underteikna får av risikoårsaker beskjed om å vente i politibilen.

23.50: Den eine betjenten kjem tilbake til bilen og køyrer bilen opp til huset som framleis er under ransaking. Tre patruljebilar er til stades.

00.51: Ransakinga av området er ferdig, utan funn.

– Hadde me ikkje hatt narkotikahund hadde me halde på mykje lenger, seier Torkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

00.56: Melding om potensielt bråk i Lunde, men sambandet fortel kort tid etter at alt er under kontroll.

– Det var godt å høyre, no får me endeleg kome oss vestover, seier Torkel med eit smil om munnen.

Sjølv om ingen av betjentane kjem frå området, så er det tydeleg at dei bryr seg om Vest-Telemark.

– Me kjenner at me har ei større plikt for Vest-Telemark, seier Espen.

– Me blir ofte trekt mot Midt-Telemark av naturlege årsaker, men det fører jo naturleg nok til mindre nærvær i Vest-Telemark, seier Torkel.

– Det er nok ikkje feil å seie at det ikkje blir ssatsa på Vest-Telemark sentralt, men eg må likevel seie at lensmannen disponerer dei midlane ho har til rådvelde på best mogleg vis, seier Espen.

1.30: Etter nesten ein heil kveld i Midt-Telemark, er patruljebilen endeleg i distriktet den eigentleg høyrer heime.

– Det er alltid godt å kome inn i Vest-Telemark igjen, seier Torkel.

1.44: Det har ikkje kome nokre meldingar om aktivitet i Vest-Telemark.

– Det kan godt hende det har skjedd noko, men at me ikkje har høyrd det på sambandet, sidan patruljebilen vår ikkje er blant dei næraste, seier Torkel.

– Når me kjem inn etter jobb, så ser me ofte på loggen at folk har ringt inn, men som me ikkje har fått beskjed om. Det er frustrerande fordi me ynskjer å vere der når det fyrst skjer i Vest-Telemark, seier Espen.

02.05: Stoppar ein tilfeldig bil for kontroll i Brunkeberg. Sjåføren seier han tvilar på at han påverka, sidan han ikkje hadde drukke alkohol på to år. Det viser seg å stemme, og han får køyre vidare.

02.25: Melding om ein person som står på eit tak i Kviteseid. Full utrykking med blålys – ambulanse og brannvesen blir òg inkludert.

02.29: Politiet kjem fram til staden, og ambulanse kjem nokre minuttar etter. Ambulansen tar ein kikk, og konkluderer med at den rusa personen ikkje lenger er i fare for seg sjølv.

03.20: Køyrer til Morgedal for å ha nokre kontrollar, men ingen bilar køyrer forbi.

03.43: Køyrer tilbake til lensmannskontoret.

– Me må vel seie at det her var ei roleg vakt, seier Torkel.

Denne vakta var prega av mykje tid i Midt-Telemark for å assistere patruljane der nede. Patruljebilen som i utgangspunktet skal opphalde seg i Vest-Telemark rakk berre å vere i Kviteseid og Seljord av dei seks kommunane i Vest-Telemark i løpet av desse ti timane.

– Det er diverre ikkje unormalt at me ikkje får dekt meir av Vest-Telemark, men nokre vakter blir berre slik. Det var ei utypisk vakt med tanke på at me vanlegvis stoppar fleire bilar, og er innom fleire arrangement. Det var ein typisk vakt på den måten at me ofte blir nøydd til å dekkje behov utanfor området me eigentleg skal operere i, seier Espen.