Åsheimburet datering: Arkivarane Anund Grini og Frida Aakervik Berg frå fylkeskommunen, her med Håkon Telnes Fjågesund mellom seg, er på Åsheim for å ta prøver for å datere Åsheimloftet. Eigar Torje Aasan til venstre.

Jakta på eit årstal: – Forventninga er at det er frå før Svartedauden

Åsheimloftet i Seljord har vore freda i lang tid og blei restaurert av riksantikvaren i 2008. Nå vil dei finne ut kor gamalt det faktisk er. – Mykje tyder på at det er eit mellomalderbygg frå før 1350, seier tradisjonshandverkar Håkon Telnes Fjågesund.

Publisert Sist oppdatert

Saman med dei to representantane frå Team kulturarv Telemark, Frida Aakervik Berg og Aanund Grini, samt Torje Aasan som eig loftet, gjer Telnes Fjågesund seg klar til å ta prøver av det truleg over 700 år gamle loftet.

Må vente på resultatet

Håkon Telnes Fjågesund er ansvarleg for å ta dei dendrokronologiske prøvene som skal bli sendt til analyse hos Norges teknisk-vitenskapelige universitet (NTNU).

– Ti prøver frå kvar byggjeperiode, fortel antikvar Frida Aakervik Berg.

Dendrokronologi er ein vitskapeleg metode der ein analyserer alder på trevirket ved å studere årringane. Ein kan mellom anna sjå kva slags klimaforhold det har vore under vekstperiodane. Etter kvart som treet blir eldre blir årringane mindre, fordi det veks langsamare.

Åsheimloftet: Truleg frå før Svartedauden: Håkon Telnes Fågesund og Team kulturarv Telemark fylkeskommune undersøkjer kor gamalt buret er. Andre høgda blei kledd i 1968.
Datering: Tradisjonshandverkar og prøvetakar Håkon Telnes Fjågesund studerer prøver han har bora ut. Han må bore heilt ut til borkekanten for at prøva skal vere mogleg å analysere.

Telnes Fjågesund studerer prøvane, og meiner at han har kome heilt ut til borkkanten på den eine.

– Eg kan forstå at ein kan rekne ut alderen på trea ved å telje årringane, men korleis veit ein når treet blei felt?

– Dette er årsaka til at ein må heilt ut i borkkanten. På NTNU samanliknar dei borkkanten med ei dendrokronologisk kurve for området treet har vokse i. Dei har prøver som går langt tilbake, og så set dei utsnittet inn i sekvensen. Derfor er det viktig å ta mange prøver, slik at dei får sett prøva inn i rett sekvens, seier Telnes Fjågesund.

– Men her er båe etasjane bygd samtidig. Det kan me sjå på teknikkane som er brukt, legg han til og viser til fiskebeinsmønsteret i taket i første høgda som blir kalla glepphogging eller spettetæging og rillene nedst på laftestokkane.

Telnes Fjågesund forklarar at dette er nokre av teikna på at loftet kan vere frå før Svartedauden, fordi då var øksene laga av eit mjukare materiale enn seinare.

– Det handlar om kva verktøy dei hadde tilgang på, seier han, før han set drillen inn i eit laft ved inngangsdøra medan eigaren av Åsheimgarden og loftet, Torje Aasan, følgjer spent med. Han veit at han må vente ei god stund på resultatet.

– Ventetida hos laboratoriet til NTNU er om lag eit halvt år, opplyser arkivar Anund Grini.

Myteomspunne

Åsheimloftet eller Ståleburet, som det også blir kalla, husar meir enn fleire hundre år gamalt trevirke. På eit beslag som går tvers over døra, er det skrive inn runer, men ingen av dei som er til stades kan tolke dei. Det kunne heller ikkje Arne Berg som i si tid skreiv bøker om norske mellomalderhus. Her omtala han også Åsheimloftet. Han peikar på ei måla innskrift på ein av stabbane som ber loftet. Der står det Ole Jen Sen 1791. Ifølgje Tov Flatin si Seljordsoge budde ein Ole Jensson Telnes på Austre Åsheim på den tida.

Det som truleg har gjort Åsheimloftet mest kjend blant folk, er nok historia om Ståle Tjostolfson Åsheim som drap broren sin Olav i 1619, derav også tilnamnet Ståleburet.

Ståle og fleire med han, var samla til eit lag på Tveiten i Krokangrendi, der broren Olav budde. Ølet var godt og verka slik øl gjer. Ståle og Olav kom i klammeri. Slagsmålet enda med at Ståle stakk bror sin til døde med kniven sin. For det blei han lyst fredlaus. Han rømde og låg i lenge i skjul oppe i ei berghole, men då det blei vinter og kaldt, reiste han heim og gøymde seg i buret hos faren sin. Ståle var litt av ein skarpskyttar og han skar ut eit skyteskår i buret, slik at han kunne forsvare seg om nokon prøvde å ta han.

Det er hos Flatin, som siterer presten Landstad, ein finn mest om denne historia. Truleg for at Ståle ikkje skulle få så hard ein dom, melde faren hans at han eigentleg ikkje var hans eigen son. Dermed blei drapet nedgradert frå «brodermord» til «mord», og Ståle fekk høve til å gjere opp for seg overfor slektningane til den døde.

Men Ståle hadde ikkje midlar, så løysinga blei at han skulle få fjerna sju røvarar som herja i bygdene på den tida. Han fann røvarane i eit sel på Sanden ved Sundsbarmvatnet, blinda dei med lut og slo dei i hel, alle som ein. Dermed kunne han reise heim att som fri mann.

Åsheimburet datering: Runeskrift: På eit tvergåande band på inngangsdøra til buret kan ein sjå runeskrift. Ingen har enno tyda kva som står der.
Powered by Labrador CMS