Dette er ein av vegstrekningane som vil bli prioritert dei neste åra
Neste fredag blir nasjonal transportplan presentert. Sigbjørn Gjelsvik røper at riksveg 41 er ein av strekningane som blir trekt fram i planen.
Det var god stemning då leiaren i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget fortalde lokalpolitikarane frå Kviteseid og Nissedal at ei av vegstrekningane som kjem til å bli prioritert i nasjonal transportplan er riksveg 41.
Vegen strekker seg frå Kristiansand til Kviteseid, og har blitt utbetra mykje dei siste åra. Regjeringa er nå klare på at dei vil vidareføre strekningsutbetringa i den komande perioden.
Stor verdi
– Tenk alt ein har fått ut av pengane på denne strekninga. Tenk kor stor verdi det har, sa Gjelsvik då han møtte lokalpolitikarar frå Kviteseid og Nissedal i Vrådal for å fortelje om planane.
Politikarane var samde. Dei la vekt på at betre standard på denne vegen er viktig både for utviklinga av næringslivet og for bulysta i regionen.
– Attraksjonen til regionen aukar vesentleg, sa varaordførar i Kviteseid, Stian Hauge (Sp).
Partifelle og ordførar i Nissedal, Ian Parry-Jones meinte det også var viktig for turistnæringa.
– Det var ein periode der utanlandske turistar frårådde kvarandre å køyre hit fordi det var så humpete vegar, fortalde han.
Kristin Parkinson Vågen (Ap) trakk også fram trafikktryggleiken.
– Me veit at det har vore dødsulykker på denne strekninga på grunn av dårleg veg, sa ho.
Nissedalpolitikaren er også oppteken av det ho meiner er det mest sårbare punktet for mjuke trafikantar på heile riksvegen.
– Det som er viktig for oss nå er å få på plass ny Tveitsund bru.
Viktig å fullføre
Gjelsvik fortalde at det ikkje er så mange av dei mindre prosjekta som er konkret nemnt i den nye planen.
– Men dette er ei av dei konkrete strekningane som blir løfta fram.
Han meiner at det som er gjort er bra, og at det er viktig å fullføre det som gjenstår.
– Det er noko med å få ein samanhengande bra strekning.
Leiaren av transport- og kommunikasjonskomiteen fortel at dei har vore opptekne av å få til ei god regional fordeling.
– Det er mange behov, mange stader i landet. Telemark må tenke heile Telemark. Det handlar om at ein skal legge til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile fylket. Gode vegar bind saman.
Gjelsvik la vekt på at me er i ei tid med stor kostnadsvekst, og at det er krevjande å få pengane til å strekke til.
– Då er det viktig å ta vare på det ein har og utbetre der ein har høve til det, sa han.
Leiaren av transport- og kommunikasjonskomiteen meiner ein nå må vri meir av midla mot mindre prosjekt.
Men kor mykje som er sett av til utbetring av riksvegen er ikkje talfesta i planen, fortel han.
Har jobba godt over tid
Lokalpolitikarane er fornøgde med at riksvegen gjennom dei to kommunane blir prioritert, og meiner det også vil vere veldig positivt for anleggsbransjen.
Dei fortalde at dette er noko det har blitt jobba med politisk i mange år.
– Å gjere jobben lokalt er bod nummer ein i forhold til å vere i posisjon til å få pengar. Her er det eit veldig godt døme på korleis ein har jobba over tid og korleis det og ligg til rette for at ein nå kan fortsette, kommenterte Gjelsvik.