Vogntog blir berga, mindre køyretøy kjem forbi
Eit vogntog fekk tysdag vanskar på Bandakslivegen.
Politiet er på staden. Vegen (Fv3394) er sperra i begge retningar, melder politiet klokka 12.19 tysdag.
Klokka 13.12 melder politiet at dei er ferdige på staden, og at vegen snart blir opna for normal trafikk. Bilbergar er i gang med å hjelpe lastebilen, mindre køyretøy kjem forbi.