Uvisst når E134 opnar att etter steinras
Steinraset i Etne skaper utfordringar på E134.
Vegen er heilt stengt og vil ikkje opne att før tidlegast onsdag. Det melder Statens vegvesen.
Omkøyring for trafikken på E134 vil vera på riksveg 13 og fylkesveg 46. Der er det sett i verk tiltak for å dirigere trafikken. For trafikken som kjem nordfrå vil det vera mest aktuelt å køyre E16 til Bergen og deretter E39, siterer Hardanger Folkeblad Vegvesenet.
Lokalavisa skriv at geolog har vore på staden i dag.
Det var ved 10.45-tida det blei meldt om eit stort steinras på E134 i Etne. Store steinar dekte heile vegbanen.
Etne kommune har sett kriseleiing etter steinras aust for Fjæratunellen. Det er ikkje meldt om personskadar. Politiet har evakuert personar frå området, opplyser kommunen i ei pressemelding.
David Petrych, dagleg leiar i Telemark Bilruter Buss AS seier at alle på Haukeliekspressen kjem fram, men det vil ta litt lenger tid. Tidlegare NRK-journalist Anne Lognvik er blant dei som er på bussen. Ho seier folk må rekne med forseinkingar, men at no i kveld ventar VY-bussen i Seljord slik at folk kjem vidare til Grenland. Lognvik anslår at bussen ikkje er meir enn ein halv time forseinka.
Videointervju: Anne Lognvik