Hagle samla tusenvis på gratiskonserten skjærtorsdag.

Tusenvis på påskefest med Hagle

Skjærtorsdag besøkte den populære country-rap duoen i Hagle Vierli på Rauland.

Publisert Sist oppdatert

I skikkeleg snøvêr samla tusenvis av gjester seg til den årlege konserten som er eit gratis arrangement på Vierli. 

– Det er stor stas at så mange tar turen til oss denne dagen, melder Kristin Larsen, dagleg leiar i Rauland Skisenter, i ei pressemelding. 

Det var god stemning med allsong og dans frå både store og små. Her var det ein god miks av både lokale, tilreisande og hyttefolk. 

– Påska så langt har vore veldig bra med godt besøk og fornøgde gjester til fjells. Det snødde heile skjærtorsdag, og med kuldegrader i natt og strålande sol langfredag og påskeeftan ligg det an til å bli ei perfekt avslutning på påska i nedfartane våre. Det er kjempe føre og me har mykje bra på programmet. Påskegøy i Holtardalen, Skirenn, Afterski med DJ Howard, påskekonsert med Carina Dahl, Ta sjansen med meir, reklamerer Larsen. 

Powered by Labrador CMS