Sjå bilda frå Ta sjansen:
Tradisjonell påskeeftan med ski og årets fyrste bad
Laurdag var det klart for publikumsvinnaren Ta sjansen på Rauland skisenter.
For dei tre venninnene Mathilde Hanssen, Stella Møller Nygaard og Marie Bostad Myhra frå Skien er det tradisjon å vere på Rauland i påska. Dei fortel at familiane deira har hytte her og at dei alltid er her i påska. Nå har dei kledd seg ut i matchande, gule, store genserar, sjølvsagt med kaninører – dei er straks klare for å delta i Ta sjansen.
Dei har vore med før, og planen er klar.
– Sist kom me halvvegs over, så nå er målet å kome heile vegen over, seier dei.
– Me har ein båt ein båt med ski under, røper jentene.
William og pappa Christian frå Sandefjord har også tradisjon for å reise på hytta på Rauland i påska. Men det er fyrste gong dei skal delta i Ta sjansen.
– Me har sett på kvart år, og nå har me bestemt oss for å delta, fortel Christian.
Som publikum gjennom mange år har dei snappa opp ein del idear frå andre deltakarar, og har sett litt på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer så bra. Gummibåten er klar, og målet er at William skal skyte ut av båten og slik kome raskt over på andre sida.
Pappa Christian har planer om å halde seg tørr heile turen, men han fortel om den planen med ein god latter.
Dei to brørne Heine og Torstein Gaarden frå Rauland har sikra seg ein god plass før Ta sjansen byrjar. Gutane fortel at det er fyrste gong dei får med seg Ta sjansen, og dei gler seg.
– Det ser kaldt ut, seier gutane, og ser på bassenget som deltakarane skal prøve å kome seg over.
Og det gjer det verkeleg, for i bassenget jobbar dei rett før konkurransen med å fjerne isbitar.