Familien Aase og Steinstad på Telemarkfestivalen
Tones kulturskatt: – Det er naturleg at interessa går i arv
Heile fire generasjonar Steinstad og Aase-familie står på scena med Tone Steinstad når ho er frontfigur for tingingsverket «Viser frå før» på Telemarkfestivalen i Bø torsdag.
Ein kan få ei slags kjensle av å vere midt i ein «Mormor og de åtte ungene»-film om ein kjem til garden Firingan rett ved Telnessanden i Seljord ein sommardag i august. Måndagen før Telemarkfestivalen kan ein nemleg sjå ei mormor (og oldemor) sitje i eit solfylt tun - omkransa av skog og vatn - mens song, leik og barnelatter spreier seg mellom husa.
– Eg er så heldig som får oppleve dette, seier visesongar Tone Steinstad, mens familien hennar øver til konsert utanfor huset til barnebarn Eivind Aase.
Det er eigentleg Tone som er stjerna i denne festivalsaka - sjølv om det er opptil fleire på tunet som driv meir med musikk enn ho; til dømes Gunn Steinstad, Eivind, Sigrid, Håkon og Oddbjørn Aase.
Sjå video lenger ned i saka.
Bak frå venstre: Sigrid Aase, Eivind Aase, Håkon Aase, Gunhild Aase, Oddbjørn Aase, Gunn Steinstad.
I midten: Tone Steinstad.
Framme frå venstre: Ingebjørg, Solveig, Lavrans og Sigurd Aase.
– Moro å samle familien
I 2024 platedebuterte Tone, frå Gvarv, med «Viser frå før». Då var ho 89 år, no er ho 91 og blir 92 i oktober. I fjor framførte ho tre av visene på Telemarkfestivalens opningskonsert. Med seg på scena hadde ho barn, barnebarn og oldebarn frå Vest-Telemark. Heile fire generasjonar Steinstad/Aase røyrte publikum til tårer.
– Det blei nå litt mykje. Eg blei rosa opp i skyene, og det er fleire eg ikkje kjenner som nå helsar på meg på butikken, fortel ho.
I år blir det ein heil konsert, eit tingingsverk, med utgangspunkt i Tone sin songarv. «Tone og familiekompet» opnar Telemarkfestivalen torsdag.
– Det er dotter Gunn som er sjef, seier Tone, og smiler.
«Lille måltrost, lille måltrost…..» Oldebarn Ingebjørg, Solveig og Lavrans Aase øver til sitt konsert-nummer på ein liten traktor på Firingan.
– Det er moro å samle familien, og det er moro at dei vil ha med ei gamal kjerring, seier oldemor Tone.
Det er ein sprek 91-åring som ruslar over tunet når familien deler seg i to for å øve stemmer. På veg opp ein liten bakke blir ho ikkje andpusten i det heile.
– Å nei, eg blir ikkje andpusten. Eg er heldig som har helse og kan fungere. Det er ikkje noko ein kan bestemme sjølv.
Lille måltrost, lille måltrost, hvorfor er du så glad
Lille måltrost, lille måltrost, hvorfor er du så glad
Jo, fordi jeg har rede som ingen vet av
Langt inni skogen den grønne.
– Det balla på seg
Tone lærte mange, gamle songar av si oldemor, Ingeborg Øygarden Goti, då ho var ung. Og akkurat som si oldemor har også Tone sunge mykje opp gjennom åra.
– For nokre år sidan spurte Rune Brynsholmen (musikar) om han kunne ta opp nokre songar med meg. Eg tenkte det var koseleg, for då kunne eg bevare songane til ungane mine, seier ho.
Opptak blei til ei plate, og songane blei lagt ut på Spotify.
– Og så balla det på seg. Fleire ville høyre på, smiler visesongaren.
Telemarkfestivalen tok kontakt, og resten er historie. Torsdag er det konsert, og på Firingan øver dei på ein opningssnutt når VTB er på besøk. Håkon set tonen via ein lur, Oddbjørn ler litt, og så er dei klare:
– Vé no velkomne med æra, syng dei, mens vinden leikar i trea.
Det må vere innanfor å kalle det idyll. Fire generasjonar på tunet, song og musikk, sol og sommar - og ei takknemleg oldemor i sentrum.
Sterke musikkgener
– Dei øver mykje, fortel Tone.
Musikkgenene er sterke i Aase/Steinstad-familien. Mange av dei er musikarar.
– Det er naturleg at interessa går i arv, seier oldemor.
Ho fortel at ho sjølv ikkje var så flink til å lese på skulen. Men synge, det kunne ho.
– Venninna mi var så god til å lese. Ho las som ein foss, mens eg måtte stave viss det var lange ord. Men så kunne eg synge, så då kunne me litt kvar. Det var moro.
– Kva betyr det for familien å samarbeide om dette prosjektet?
– Alle kjem på konserten. Det er veldig koseleg.
«Alle» inkluderer dei av Tones barn som ikkje er med på scena; Nils, Bente og Henny. Dei kjem til Telemarkfestivalen frå Mandal, Sandefjord og Notodden.
Tone synest det er stas å bli invitert tilbake til festivalen i år og at familien står på scena i lag med ho.
– Det er bare nåde å få vere med på dette, seier ho.«Kva synest du?» spør eit familiemedlem etter at dei har sunge seg gjennom opningsnummeret.
– Det var veldig snålt, seier Tone.
– Snålt? Nei, det var mektig, seier Håkon, og så ler dei alle.