Sommargjesten
Agnar ferierer i sitt barndomsparadis
Namn: Agnar Aasland
Alder: 51
Bur: Mandal
Gjer: Jobbar ved NLA Høgskolen i Kristiansand.
Kva har du gjort i sommar?
Familieleir i Sogn, rundtur i Sogn, Nordfjord og Sunnmøre, hytta i Åsgrend og generelt late dagar heime på Sørlandet.
Har du eit sommarminne du vil dele?
Flåteturar på Telemarkskanalen kvar sommar frå eg var 15 til 30 år med flåten me bygde med venene på Kvitsund i tenåra.
Kven gjorde sist noko du sette pris på?
Kona som laga ferskt brød, eggerøre og kaffi til frukost på hytta i Åsgrend i dag tidleg.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
Eg er oppteken av Kvitsund, og er glad for at dei nå har gode søkartal.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
På og ved Sundkilen. På stranda på Kvitsund, på Vesleøy eller ute i båt.
Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Eg ville teke dei med til Kviteseidbyen og opp på Høgås ved Kvitsund for å vise dei mitt barndomsparadis.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark som du likar godt?
Høtt.
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Eg vil sende ei helsing til barndomskompis Ingar Hovda som eg gjekk i klasse med i ni år og som det alltid er kjekt å møte når eg er i Kviteseid.