Leif var berre åtte år då faren som han er kalla opp etter blei drepen.
For motstandshelten Leif Tronstad vart skoten i Rauland i mars 1945, medan nazilensmannen og bror hans kom seg frå åstaden i live.
Etterpå har Leif vore på mange markeringar på Syrbekk, og det har også sonen til lensmannen.
Men dei har aldri snakka ut om det som skjedde med fedrene deira.