Thea Straand (t.v.) frå Vrådal og Nora Salome Fosse frå Kviteseid har hatt ein fin start på den vidaregåande skulegangen sin.

Thea og Nora har flytta på internatskule i heimkommunen

Sundag 17. august fyltest tunet på Kvitsund Gymnas med elevar klare for eit nytt skuleår. Nå er dei om lag tretti fleire enn dei var i vår.

Publisert

Før sommarferien var det 121 elevar på Kvitsund Gymnas. Då skuleåret starta opp att etter sommarferien hadde elevtalet auka til 150. I løpet av dei fyrste skuledagane kom det nokre til, men ingen har slutta. Nå har skulen 154 elevar på listene sine.

1. august tok Christopher Andersen til i stillinga som rektor på Kvitsund. Han har sjølv vore elev på skulen, og vart ein del av staben i 2022.

– Det er ein auke på rundt 25 prosent – ganske fantastisk. 

Det seier fersk rektor, Christopher Andersen, som har god grunn til å smile. Dei siste åra har det vore litt tungt å drive den kristne internatskulen i Kviteseid. Elevtala har vore låge, og det har vore krevjande. Skulen er godkjent frå 200 elevar, og medan tala lenge låg på 180-190, med ein topp i 2012 då det var 189 elevar på skulen, har det vore sju tunge år frå 2018. Nå har tala snudd, og Andersen trur det er fleire årsaker som ligg bak. 

– Det kan vere mange ting som har verka samstundes. Me jobbar jo heile tida med marknadsføring. Me har også søkt og fått litt pengar frå omstillingsstyret. Og det er også mange internatskular som fortel om den same auken, så kanskje det er noko i tida. 

Vil vere på skulen heile tida

Elevane på Kvitsund kjem frå heile landet. Nord, sør, vest og aust. Nokon har flytta hundrevis av mil frå familien for å gå på internatskulen. 

Andre har ikkje reist så langt. 

Thea har flytta frå Vrådal, Amalie og Nora frå Kviteseid. 

– Eg vil bu her fordi eg har lyst til å vere på skulen heile tida, fortel Amalie Rannestad. 

– Det er sosialt å bu her, og eg har gleda meg til å flytte ut, seier Nora Salome Fosse. 

Thea (f.v.), Nora og Amalie har deltatt i kostymekanonball i gymsalen, og går saman ned på internatet som dei deler med andre jenter i 1. klasse. Thea og Amalie har lånt klede av nokon gutar på skulen, og var gutar under kveldens kostymekanonball. Gutane på laget var sjølvsagt jenter.

Og sosialt, det er det. Denne fredagskvelden er det kostymekanonball i gymsalen, og elevane kjem i forskjellige antrekk. Gutar og jenter har bytta klede, mange pysjbukser deltek og dei som ikkje stiller på lag får plass på scena og bidrar med høglydt heiing. 

Knut Hallvard Rysstad Skinnarland
Knut Hallvard Rysstad Skinnarland har tre år bak seg som elev. Nå har han eit år som miljøarbeidar.

Han som organiserer kveldens aktivitet heiter Knut Hallvard Rysstad Skinnarland og er ein av to miljøarbeidarar på Kvitsund. Knut Hallvard veit godt korleis det er å vere elev på Kvitsund, han har vore det sjølv i tre år, og det er heller ikkje lenge sidan. Det siste året har han vore i militæret, men ønskte seg tilbake til internatskulen.  

– Eg er veldig glad for å kome tilbake, og for å kunne gje noko tilbake til elevane, fortel Knut Hallvard. 

Men han er travel. I gymsalen strøymer elevane til, og dei skal delast inn i lag. 

Blir nære på rekordtid

Medan Thea, Nora og Amalie har valt å flytte inn på Kvitsund, har Hannah Kalager Torsdalen frå Vrådal og Maria og Linea Metveit Haugo frå Kviteseid flytta inn for dei to fyrste vekene av skuleåret. 

– Det er for å prøve og bu her og for å bli betre kjent i starten, fortel Linea. 

– Det er veldig gøy! Miljøarbeidarane er så flinke til å finne på mykje aktivitetar, og me blir kjent med mange, seier ho. 

I vår gjekk Amalie Rannestad (f.v.), Hannah Kalager Torsdalen, Linea Metveit Haugo, Maria Metveit Haugo, Thea Straand og Nora Salome Fosse ut av Kviteseid skule. Nå går dei saman på Kvitsund Gymnas.

Hannah er også veldig glad for å bu på internatet den fyrste tida av skuleåret. 

Hannah Kalager Torsdalen
Hannah har prøvebudd Kvitsund dei fyrste to vekene av skuleåret.

– Det har vore veldig bra, veldig gøy. Det freistar litt å fortsette å bu her, men det blir litt fint å kome heim også, smiler ho. 

Amalie vil bu på internatet slik at ho kan vere på skulen heile tida.

Men både Maria, Linea og Hannah kjenner at dei kan bli litt redde for å gå glipp av det som skjer på skulen. Men sjølv om dei ikkje skal bu på skulen heile skuleåret får dei eit dagrom, eit rom dei kan bruke medan dei er på skulen, om dei for eksempel har fritimar eller vil gjere skulearbeid utover ettermiddagen. 

Jentene frå Vrådal og Kviteseid kjenner kvarandre godt frå før sidan dei gjekk saman på Kviteseid skule. Men etter få dagar på Kvitsund har dei alt fått mange nye venner. 

At det berre er nokre dagar sidan dei møtte dei andre i klassa er rart å tenke på. Dei har jo alt blitt så godt kjent. 

Thea har flytta frå Vrådal til Kvitsund. Det er sosialt på internatet, og koseleg med besøk på rommet av venninnene.

– Og det er folk frå heile Noreg, ikkje berre Telemark. Me høyrer så mange forskjellige dialekter her, fortel Amalie. 

Dei er nesten seksti elevar i årets 1. klasse, men dei har også snakka med dei eldre elevane. 

– Me har snakka med elevane på dei andre trinna også, og dei har vore veldig inkluderande, seier Amalie. 

Ikkje berre ein skule

Når rektor tek imot nye elevar til Kvitsund, veit han korleis det er å kome som elev til skulen. Januar 1999 byrja han sjølv på skulen, og han flytta veldig langt. Faktisk heilt frå Australia. 

– Eg har sett verdien av skulen. Og er takksam for den tida, vennskapa eg har frå den tida. Kvitsund er noko meir enn berre ein skule, meiner Andersen. 

Men etter si eiga russefeiring våren 2001, hadde han ingen planar om å vende tilbake til skulen. Ferda gjekk til Sørlandet og økonomiutdanning. Men så, sommaren 2022 dukka det opp ei ledig stilling som administrasjonsleiar på Kvitsund. Den freista. Ikkje lenge etter gjekk flyttelasset til Kviteseid. 

1. august tok han over som rektor. Dei fyrste dagane av skuleåret har vore intense, men også gode. 

– Me gjer det saman som eit lag. Det er ein veldig positiv stemning i staben her, fortel Andersen. 

I tida framover skal skulen ha fokus på utvikling – både av skuletilbodet og av det fysiske området skulen skal forvalte. I år testar også skulen ut å vere mobilfri, altså at det er mobilfritt i fellesareala. 

Med rektorjobben følgde også nytt kontor. Vindauget byr på utsikt over internat, fotballbanen, Sundkilen og Vesleøy. Han er fornøgd med utsikta, men tidlegare hadde han vindauge mot skuleplassen. Då var det lettare å følge med på elevane der ute. 

– Det er ei veldig spennande tid å følgje ungdommane. Mellom 16 og 19 år skjer det så mykje vekst og utvikling, så det er veldig spennande å få vere ein del av det. 

– Det er fantastisk at foreldre gjev oss den tilliten det er å sende ungdommane sine til oss.  

Populær besøkshelg

For ein skule er fornøgde elevar også gode ambassadørar. I løpet av skuleåret har skulen ein vervekampanje, og elevane som vil kan sende brev til ungdommar dei kjenner, helst tiandeklassingar som står overfor valet om kva vidaregåande skule dei skal gå på. Kvart år inviterer dei ungdommar som er interesserte i å finne ut meir om skulekvardagen på Kvitsund til besøkshelg. 

– Eit veldig viktig arrangement for oss. Då me presenterer skulen og personalet, og både ungdommane og foreldra deira får sett seg rundt. Det brukar nok å vere rundt femti ungdommar her då, fortel Andersen. 

For ungdommane frå Kviteseid og Vrådal vart besøkshelga i februar viktig for å bestemme seg for å gå på skulen i heimkommunen.  

Thea Straand (t.v.) og Nora Salome Fosse.
Thea har skunda seg og rydde rommet før dei andre kjem på besøk. Ho og Nora bur på same internat og synest det er fint med ein sosial kvardag.

Jentene fortel om fleire ting som var avgjerande for valet av skule – nærme der dei bur, men dei fekk også eit godt inntrykk av skulemiljøet gjennom besøkshelga og videoar som skulen lagar. Så langt svarar det til forventingane. 

– Besøkshelga var ein smakebit, og det er eigentleg slik det er nå, seier Amalie. 

– Ja, eg føler at alt er ganske likt, nikkar Linea. 

Powered by Labrador CMS