«Ta eitt skritt fram om du har køyrd over 200 kilometer i timen»
Haldningar til råkøyring og fyllekøyring går i arv, men dette er eit vanskeleg tema i Vest-Telemark. – Foreldre går fort i forsvar, seier Laila Taraldlien.
I Telemark blir i snitt 32 personar hardt skadde eller drepne i trafikken kvart år. Slik har det vore i generasjonar. Nå har Trygg Trafikk og Telemark fylkeskommune samla tjue telemarkingar i ulik alder for å snakke om haldningar til råkøyring og fyllekøyring. Resultatet har blitt ein film som er sterk kost for både ungdom og vaksne.
Når filmen har premiere på dyrskufredagen er lokalet stappfullt, og ungdom frå Vest-Telemark vidaregåande skule fyller mange benkar. Dei ser korleis dei tjue på skjermen blir stilt opp på ei rekke langs vegkanten og får beskjed om å ta eitt skritt fram når dei høyrer noko som gjeld dei.
«Ta eitt skritt fram om du har køyrd over 200 kilometer i timen.»
«Ta eit skritt fram om du synest det er vanskeleg å seie ifrå om nokon køyrer for fort.»
«Ta eit skritt fram viss du har vore passasjer med ein rusa sjåfør.»
For kvar setning som blir ropt opp, tek fleire av dei tjue telemarkingane på skjermen eitt steg fram. Nokre tek også ordet og delar sine tankar, meiningar og opplevingar.
Om foreldre som køyrer vanvittig fort – også med ungar i bilen. Om dei store avstandane på bygda, som kan gjere valet om å køyre rusa meir aktuelt. Om frykta for å gjere seg upopulær ved å seie ifrå. Om at ungdomen er det viktigaste foreldra har, og at dei alltid, alltid må vite at dei kan ringe heim og bli henta.
«Ta eitt skritt fram om du har mista nokon»
Ei av dei som er med i filmen er Laila Taraldlien. Hennar son Henrik visste godt at han kunne ringe heim og bli henta. Likevel sette han seg inn i bilen med ein rusa sjåfør, og hundre meter seinare var han borte.
«Ta eit steg fram om du har mista nokon du er glad i i trafikken», seier stemma på filmen, og Laila er blant dei som tek steget fram og delar tankane sine.
– Det er fint å få vere med, eg som har opplevd å miste ein flott ungdom. Det betyr mykje, seier Laila, som er på plass i publikum når filmen blir vist offentleg for fyrste gong.
Heime hadde dei snakka mykje om fyllekøyring med Henrik, særleg fordi han hadde mista lappen på grunn av fyllekøyring.
– Han var så skuffa over seg sjølv, og syntest han var eit dårleg forbilde for veslesyster si, minnest Laila.
Ungdommeleg overmot – og folk som ser ein annan veg
Henrik visste at han kunne bli henta når som helst, men likevel sette han seg inn i ein bil med ein rusa sjåfør.
– Høg promille og sprit spela truleg inn då den avgjerda blei tatt, trur Laila.
– Og ungdommeleg overmot. Dei er udødelege i den alderen, og trur alt går bra. Dei ser ikkje konsekvensar, og trur ikkje at ein tur på hundre meter kan ende så ille.
Haldninga i miljøet generelt kan også ha noko å seie i slike situasjonar, trur ho.
– Generelt i miljøet ser ein jo at vaksne køyrer skuter og bil i fylla. Alle veit det, og haldninga er at ein skal gøyme det for politiet.
Og dei som såg på at Henrik og kameratane sette seg i bilen er også ein del av bildet.
– Folk såg det jo, seier Laila.
– Tenk om nokon hadde tora å stoppe dei.
Det handlar om kjærleik
På toppen av rusen, overmotet og haldningane til dei rundt, er det i tillegg lite kollektivtransport i Vest-Telemark – og lite politi.
– Det er mange ting å ta tak i, men eg trur ein må starte med haldningane, seier Laila. Ho meiner nokre foreldre burde gå litt i seg sjølve når det gjeld eigne haldningar til råkøyring og fyllekøyring.
– Det er eit vanskeleg tema i Vest-Telemark. Foreldre går fort i forsvar, og seier ting som «slik har det alltid vore» og «det er betre no enn då me var unge».
Til ungdommane har Laila ei tydeleg melding: Å hindre fyllekøyring handlar ikkje om ein peikefinger, men om kjærleik.
– Det handlar om at me må førebygge med omsorg, seier ho.
– Og det handlar om at nokon blir knust av sorg om dei mistar deg.