Ferske tal frå SSB
Solveig gler seg over tal ho ikkje har sett på lenge
Ein må tilbake til 2012 sist gong det blei fødd fleire enn det døydde i fyrste kvartal i Seljord.
Onsdag presenterte Statistisk sentralbyrå tala som viser folketalsutviklinga i Noreg i fyrste kvartal i 2026. Seljordordførar Solveig Sundbø Abrahamsen gler seg over at dei nå er 2970 seljordingar – 17 fleire enn dei var på same tid i fjor, og 11 fleire enn ved nyttår.
– Eit lyspunkt, konstaterer ordføraren til VTB.
– Spesielt gledeleg er det at me har fødselsoverskot. Det er fyrste gong på lenge, seier Abrahamsen.
Det blei i fyrste kvartal fødd sju og det døydde seks i Seljord – altså eit «overskot» på 1. Om ein går tilbake i historia for fyrste kvartal var det på null i 2022, men pluss må ein tilbake til 2012 for å finne, viser statistikken frå SSB.
– Historisk har Seljord alltid lege rundt 3000 innbyggjarar, men me er bekymra over at det har gått i feil retning, seier Abrahamsen.
– Dette er ei gladmelding, held ho fram.
Ho trur på at dette er ein trend som vil halde fram også når tala for andre kvartal kjem i sommar.
Fire av seks kommunar i Vest-Telemark ser at folketalet i kommunen har auka sidan årsskiftet.
I Kviteseid (4), Tokke (3) og Nissedal (3) er det auke, medan det i Vinje (-8) og Fyresdal (-3) er ein tilbakegang i årets tre fyrste månader. I Vinje er ein stor del av forklaringa at mange flyktningar har reist frå kommunen. Det er fødselsoverskot i Vinje. Det same er det i Kviteseid.
Det bur 14 286 innbyggjarar i Vest-Telemark, viser tala for fyrste kvartal. Det er 10 fleire enn ved nyttår og 1 meir enn på same tid i fjor.