70 personar stilte til start på Rosa sløyfe-løpet i Vrådal.

Sjå bilda frå Rosa sløyfe-løpet 

Sundag var det Rosa sløyfe-løp i Vrådal. Alle inntektene går til Brystkreftforeininga.

Publisert Sist oppdatert
Brenda Engvoldsen (t.v.) og Unni Snaunes frå Vrådal gjer seg klare for løpet.

Det er ei viktig sak. Det er viktig at det blir forska på dette. Og så er det bra å kome seg ut å lea seg.

Unni Snaunes

Me støttar ei god sak. Ein veit aldri kva som kan skje.

Brenda Engvoldsen

Syskentrioen Mari, Ingrid og Lars Straand Skarprud frå Vrådal stilte alle til start.
Bak alle arrangement er det flittige dugnadsarbeidarar. På kjøkkenet var sanitetskvinnene. Liv Vaa Aasheim (f.v.), Aslaug Lindestad, Anne-Karine Skipar og Bjørg Nekstad, som er med i både idrettslaget og sanitetskvinnene.
Wiel og Edvald Svalestuen-Lønnegraf var klare for løypa saman med mamma Heidi Svalestuen.
Håvard Aasland Øy (t.v.) og Sigve Martinsen hadde ikkje tid til å stå stille, og varma ivrig opp før start.
Linda og Marte Henry Andersen har med seg Andreas i vogn. Familien bur på Kongsberg, men har hytte i Vrådal. Dette er fyrste gong dei deltek i eit Rosa sløyfe-løp.
Brørne Karl og Lauritz Lassemo Nødland frå Vrådal gleda seg til løpet.
Elin Lid frå Kviteseid deltok for fyrste gong. – Det er ei viktig sak å støtte, seier ho.
Helene Grimstvedt (f.v.), Victoria Grimstvedt Kleiv frå Nissedal og Anita Kleiv frå Vrådal var med.
Brenda Engvoldsen skifta til dette antrekket før start.
Tre på dugnad: Jan Rune Grave (f.v.), Jan Gunnar Breivik og Astrid Breivik gjer klar medaljar til deltakarane.
Initiativtakar Marianne Lundstuen Hvitstein hadde fått med seg mannen Håkon Hvitstein på løpet.
Powered by Labrador CMS