Reidar har eit langt yrkesliv som kunstnar bak seg. Hans viktigaste kritikar er kona Alfhild
Reidar Kolbrek har runda 86, men er slett ikkje pensjonist. I sommar er han aktuell med utstilling på Sjøbui i Lårdal.
– Om nokon berre seier at dette var fint, så gjev det meg ingenting, fortel Reidar.
Då er han glad at han har kona Alfhild. Ho gjev alltid ærlege tilbakemeldingar og innspel på arbeidet hans. Ho er hans viktige kritikar. Alfhild er ikkje kunstnar sjølv, men har alltid vore interessert i kunst og har følgt Reidar sin karriere tett.
– Eg har nok lært ein del om kunst, eg trur nok det, seier Alfhild.
Dei to bur på Rauland og har gjort det sidan 1974, men arbeidet til Reidar har også ført dei på mange reiser i både inn- og utland. Paret har besøkt mange utstillingar opp gjennom åra, og det har vore lærerikt. Men dei er ikkje nødvendigvis alltid heilt einige.
– Me likar nok litt ulike ting, fortel ho.
Når Reidar arbeider i atelieret hentar han av og til Alfhild. Han vil ha blikket hennar på arbeidet sitt.
– Somme tider er det noko som går rett inn, fortel Alfhild og tek hendene til brystet.
– Då er det noko som treffer meg.
Andre gonger meiner ho at kunstnaren må forandre på noko.
– Det har vore mykje – det hovudet er for stort eller den armen er for lang, ler ho.
Dugnad, kunst og kafé
I sommar har Reidar tatt med seg arbeidet sitt til Sjøbui i Lårdal. Her hadde han utstilling for nokre år sidan også, og tidlegare brukte han mykje tid om våren i Lårdal. Han lika å reise frå Rauland og ned til den tidlege fruktbløminga i Lårdal for å måle her.
Det er Lårdal Kunstforeining som arrangerer kunstutstillinga som opnar på laurdag. Deretter blir den open kvar dag fram til 1. august. Hege Tveito Valencia frå kunstforeininga fortel at i tillegg til måleria til Kolbrek blir det keramikkutstilling frå Gerd Danbolt Svalastog frå Grungedal.
– På opninga skal Symre Taugbøl Bang synge, og i sommar blir det også sal av kake og kaffi. Det blir kunstkafé, fortel Hege.
Ho er næraste nabo til Sjøbui og ser at det er mykje turistar i Lårdal om sommaren. Mykje på grunn av Lårdalsstigen, men det er også mange andre som tek turen til sommarbygda og utflytta lårdølar som kjem heim med familie og ungar.
– Då er det veldig koseleg at det er ope her.
– Han jobbar heile tida
Mange kjenner nok Kolbrek for sine landskapsbilde. I mange år var det hovudfokuset hans, og mange stadar i Vest-Telemark har hamna på lerretet hans. Draumenuten i Tokke til dømes, eller Raulandsfjell som han og Alfhild har utsikt mot frå huset sitt.
Men nå målar ikkje Reidar landskap. Han må stadig teste ut nytt og eksperimentere, og akkurat nå er det Kristusbilde han jobbar med.
– Det handlar om Jesus sitt møte med menneske. Det har eg arbeidd med dei siste to åra, og blir nok ei utstilling etter kvart. I Noreg eller i utlandet.
Han har måla Kristusbilde før også, og arbeidet har reist langt – til Kiev i Ukraina, Havanna i Cuba, Paris og Manila. Mellom anna.
Reidar likar å eksperimentere, blir ikkje lei av å teste ut nye tema og teknikkar, og har måla både realistiske landskap og fantasifulle bilde.
– Det er vanskeleg å forklare kva som er tema her. Det er fantasi, og her er det vesle mennesket i møtet med det store altet. Det er mykje å spekulere på og undre seg over her, fortel Alfhild om dei fantasifulle bilda.
Her er ingen fasit og det er opp til dei som ser på bilda kva slags tankar som blir sett i gang.
Alfhild er sjølvsagt med når ektemannen skal rigge til sommarens utstilling i Lårdal. Ho har følgt arbeidet hans tett i alle år, og sjølv om Reidar har runda 86, har han ingen pensjonistplaner.
– Han jobbar heile tida, ler Alfhild.
– Han er i atelieret mesteparten av dagen. Han kjem ut for å eta, men så er det inn igjen så han held på heile dagen, fortel ho.
– Eg er veldig takksam for at eg framleis kan halde på. Det er klart eg blir litt trøytt av å måle innimellom. Av og til må eg kanskje gjere noko anna nokre dagar, me har jo hus og hage, men eg blir stressa om eg må gjere noko anna nokre dagar. Då vil eg jobbe igjen, fortel Reidar.