Regjeringa foreslår ei ny lov for motorferdsel.

Regjeringa foreslår ei ny motorferdselslov: – Kommunane kjenner sine område og behov best

Forslaget til den nye lova skal sørgje for meir lokalt ansvar. Dette skal ifølgje regjeringa gjere reglane enklare og rammene tydelegare for alle.

Publisert

Langt fleire eig snøskuter, ATV og andre terrengkøyretøy i dag. I dag handlar køyring langt meir om fritid enn før, og ny teknologi har gjort det mogleg å køyre lengre og i fleire område enn før.

– Reglane me har i dag om motorferdsel i utmark er laga for ei anna tid og er vanskelege å forstå. No vil me gjere det enklare både for folk og for kommunane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.

Kommunane skal i større grad skal avgjere kvar og korleis motorferdsel skal gjennomførast. 

– Kommunane kjenner sine område og behov best. No gir me dei verktøya til å gjere gode, heilskaplege vurderingar, og me fjernar unødvendig byråkrati som har skapt frustrasjon i mange år, seier Bjelland Eriksen.

I dag blir motorferdsel regulert gjennom fleire ulike regelverk. Dette skal no samlast i ei ny og moderne lov. 

– Me vil gjere det enklare å følgje motorferdselsreglane, men også tydelegare kva som skjer om dei blir brotne. Me vil slå ned på alvorlege og medvitne lovbrot, men folk skal ikkje risikere fengsel for å gjere ein ærleg feil, seier Eriksen.

Lova i dag er frå 1977, og forslaget skal no vere meir tilpassa tida me lever i, står det i pressemeldinga. Forslaget blir no sendt til Stortinget.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) meiner lovforslaget skal gjere det enklare for folk.
Powered by Labrador CMS