Planane frå 60-talet er endeleg realitet. – Heilt fantastisk!
Torsdag var det offisiell opning av Kviteseidkrysset og gang- og sykkelveg frå Kviteseidbyen til Kvitsund.
Dei eldste planane om nytt Kviteseidkryss er frå 60-talet, men kalenderen skulle vise 16. oktober 2025 før det gamle y-krysset endeleg vart erstatta med eit t-kryss. Draumen om eit trygt alternativ for å gå og sykle langs vegen i Haukomgrendi har også eksistert i fleire tiår. Og det var mange som møtte opp for å feire at dagen endeleg har kome.
– Dette er fantastisk! Ein kjempeviktig dag for bygda, seier ordførar Tarjei Draugedal.
Han gliser fornøgd medan elevar både frå Kvitsund gymnas og Kviteseid skule kjem strøymande til opningsfest. Men det er ikkje berre dei unge som feirar, også mange som har gått, køyrt og budd langs vegen i Haukomgrendi i fleire tiår kom for å feire.
– Hadde du trudd dette for ti år sidan?
– Inst inne tenkte eg at kanskje me skal få det til ein dag, seier Draugedal.
Sjølv om planane om å bytte ut krysset er eldst, var det arbeidet med gang- og sykkelveg det heile starta med. Draugedal fortalde at kommunen fekk tilbod om gateljos på strekninga, og nokre meinte at sjølv om dei eigentleg ønskte gang- og sykkelveg var kanskje dette det beste dei kunne håpe på.
– Heldigvis var det nokon som ikkje var fornøgde med det, seier ordføraren i dag.
I 2020 vart det altså nei til gateljos. Og kommunen bestemte seg for å legge nytt vass- og avløpsanlegg mellom Kvitsund og Hegni i Haukomgrendi.
– Me gauv laus på dei verste skråningane utan ein skikkeleg plan. Me hadde ikkje så mykje som ei teikning på ein serviett ein gong. Men då hadde me prøvd den rette vegen så mange gonger, oppsummerte Draugedal.
Samstundes laga Statens vegvesen gang- og sykkelveg oppå. Fyrste parsell var på plass. Sigurd Wiberg i Vegvesenet fortalde at etterpå vart det fullt arbeid med regulering og prosjektering av resten av strekninga fram til sentrum.
Totalt er det laga 2,4 kilometer gang- og sykkelveg og 60 000 kubikk masse er flytta på.
At det har vore engasjement for å få ein gang- og sykkelveg er tydeleg, og det var også veldig mange som deltok på opningsfesten. Wiberg kommenterte at han sjeldan hadde sett så mange delta på ein vegopning.
I grøfta
Brita Sandland, Borghild Ståland og Tone Torp-Hansen bur alle i Haukomgrendi, og er glade for at dei nå slepp å gå på den kvite stripa i bilvegen. Borghild har gått til jobb langs denne vegen i fleire tiår, og har ikkje alltid kjent seg trygg.
– Eg har vore i grøfta mange gonger. Dette er ein stor dag, fortel ho.
– Ja, me skulle hatt flagg, smiler Brita.
Mange å takke
Det var mange som fortente takk og ros nå når arbeidet endeleg er ferdig. Statens vegvesen takka for samarbeidet med Kviteseid kommune, både ved dagens ordførar og hans forgjengar Bjørn Nordskog. Entrprenørane Haugo Entreprenør, Telemark Transport og Brødrene Thorkildsen fekk takk. Draugedal takka tidlegare ordførar Nordskog, tidlegare teknisk sjef i kommunen, Olav Kjetil Greivstad, og gang- og sykkelveg-aktivistane Stian Hauge og Håkon Haugo som sette i gang ein barnevogndemonstrasjon som fekk mykje merksemd.
– Eg vil særleg takke grunneigarane. Hadde me ikkje hatt velvilje frå grunneigarane hadde dette stoppa opp, sa ordføraren.
Wiberg fortalde at det har vore krevjande å få finansiering til prosjektet. Tidlegare samferdselsminister Knut Arild Hareide hadde lova at det skulle kome nokre midlar, men dette var ikkje så lett å forankre. Men det losna etter kvart.
– Me klarte også å få til finansiering til nytt kryss. Det var ikkje sjølvsagt at det også skulle bli tatt, sa Wiberg.
Han opplyser at heile prosjektet har kosta til saman 67 millionar kroner (med moms).
– Me har halde oss rimeleg innafor totalramma vår. Det har blitt 4-5 millionar auke i litt ekstraarbeid, seier Wiberg til VTB.
Mange av dei som er flittige brukarar av vegen mellom Kviteseidbyen og Kvitsund er sjølvsagt elevane på Kvitsund.
1.klassingane Nora Rege, Ingrid Siljan Hjukse, Esther Sebineza, Magnhild Westermoen, Nora Jenssen og Anna Dorthea Bjørsvik hadde kome for å feire.
– Dette er kjempebra, seier Ingrid og Magnhild.
– Nå er det lett å kome seg til butikken.
– Det er veldig nice. Me sparar også litt pengar fordi me ikkje treng bil, seier Esther.
Og som rektor ved skulen, Christopher Andersen, uttrykte det i sin takketale.
– Nå kan endeleg elevane våre kjøpe grandis og cola på ein tryggare måte.