I dag er verdsdagen for førebygging av sjølvmord
I 2024 tok minst 727 personar sitt eige liv. 10. september er verdsdagen for førebygging av sjølvmord.
Hausten 2020 la regjeringa fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord, og med handlingsplanen vart nullvisjonen for sjølvmord i Noreg innført.
Men i 2023 mista 707 personar livet i sjølvmord og året etter var talet 727.
– Det er uakseptabelt at så mange liv går tapt av årsaker det er mogleg å gjere noko med.
Det seier Nina Danielsen, fagansvarleg i Landsorganisasjonen for etterlatne etter sjølvmord (LEVE).
– Sjølv om handlingsplanen 2020–2025 var brei og ambisiøs, hadde ho nok for mange og for vagt formulerte tiltak, seier ho.
Danielsen er glad for å sjå at sjølvmordsførebygging har kome høgare opp på dagsordenen i mange fora dei siste åra, og at medvitet har byrja å gje effekt, men ho har likevel tydelege forventningar til politikarane:
– Me forventar større handlekraft og vilje til å gjennomføre.
– Det var og er stor politisk semje om handlingsplanen, men det ser ut til at byråkratiet står i vegen for å gjennomføre relativt enkle folkehelsetiltak, seier ho og held fram:
– Nokre kommunar og fylkeskommunar får dette til. Men kvifor skal det vere tilfeldig? Kvifor må gjennomføringsevna vere avhengig av lokale eldsjeler?
Etterlatne meir utsett
I fjor haust skreiv VTB fleire saker om sjølvmord. Tala viste då at dei siste femten åra, frå 2009 til 2023 hadde 27 personar i Vest-Telemark tatt sitt eige liv. Tala frå Vest-Telemark er små, og VTB vel derfor å ikkje publisere tal for einskilde kommunar, og heller ikkje for kortare tidsperiodar.
«Kvart einaste sjølvmord er ein tragedie.
For han og ho som opplevde livet så
tungt og mørkt at det framstod som ei
løysing å forlate det.»
Slik innleiar handlingsplanen for førebygging av sjølvmord. Men likevel går tala feil veg.
Forsking frå Oslo Universitetssjukehus viser at 45 prosent av dei som tek sjølvmord, har vore i kontakt med spesialisthelsetenesta dei siste 12 månadane, og av dei som tek sjølvmord etter å ha vore lagt inn ved sengepost, tek halvparten livet sitt i løpet av dei fyrste 45 dagane etter at dei er skrive ut.
– Etterlatne etter sjølvmord har omtrent tre gonger auka risiko for sjølvmord, samanlikna med menneske som ikkje er etterlatt, seier Fredrik Walby, forskar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging.
Han meiner sjokket og sorgreaksjonen etter eit sjølvmord ofte fører til eigen sjukdom hos etterlatne.
Korleis jobbar kommunane?
VTB har spurt kommunane i Vest-Telemark korleis dei jobbar med oppfølging av personar som har forsøkt å ta livet sitt, og kva som er rutinane for oppfølging av etterlatne etter sjølvmord. Dette er to sårbare grupper.
Anne Veum er kommunalsjef for helse og omsorg i Fyresdal kommune, og ho fortel at oppfølging etter sjølvmordsforsøk blir varetatt av psykisk helse og rus.
– Det blir ein overgang mellom spesialisthelsetenesta, men psykisk helse og rus varetar etter behandling/opphald på sjukehus, opplyser Veum.
– Kva er rutinane for oppfølging av etterlatne etter sjølvmord?
– Her er det psykososialt kriseteam som er første instans, og bistår i den akutte fasen. Men viss ein tenker det er behov for vidare oppfølging, fell desse også under psykisk helse og rus i kommunen, skriv Veum i ein e-post til VTB og legg også til at ein også vil forsøke å tilstrebe andre instansar som eit supplement, som til dømes organisasjonen Leve.
– Kva slags rutinar har kommunen for oppfølging av personar etter sjølvmordsforsøk?
– Dersom ein person har hatt eit sjølvmordsforsøk vil fastlegen få epikrise. Dersom personen tillèt/ynskjer det vil hen få tilbod om oppfylging i form av samtaler, behandling i kommunal psykisk helseteneste eller vidare oppfylging i spesialisthelsetenesta. Psykisk helse og rus i kommunen kan gje tilbod om individuelle samtaler og/eller miljøterapi. Dette er tilbod som ikkje har ventetid. Fastlegen er også viktig i den vidare oppfylginga. Når pasienten samtykker til det kan fastlege og psykisk helse samarbeide og legge til rette for vidare oppfylging, gjerne også i samarbeid med andre tenester som helsestasjon, Nav eller prostdiakon, svarar Marit Haukom Bråstøyl, konstituert kommunalsjef for helse og omsorg i Tokke kommune.
– Kva er rutinane for oppfølging av etterlatne etter sjølvmord?
– I samband med sjølvmord vil det psykososiale kriseteamet som oftast bli kalla ut i den akutte fasen. Dei som er ramma vil i etterkant av akuttfasen få tilbod om vidare oppfylging av den kommunale helsetenesta. Behov blir kartlagt og avklar i samarbeid med dei som er ramma. Etterlatne skal få tilbod om vidare oppfylging i form av samtaler, grupper, miljøterapi eller andre former for bistand, seier Haukom Bråstøyl.
Kyrre Saupstad er avdelingsleiar for psykisk helse og rus i Vinje kommune.
– Kva slags rutinar har kommunen for oppfølging av personar etter sjølvmordsforsøk, og kva er rutinane for oppfølging av etterlatne etter sjølvmord?
– Når ein person har forsøkt å ta sitt eige liv eller har teke sitt eige liv vil som regel lege/legevakt eller politi vere fyrste instans. Desse instansane kan vidare rekvirere det psykososiale kriseteamet i kommunen, seier Saupstad.
– Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe som har ansvar for tidleg innsats ved kriser og katastrofar. Kriseteamet har i oppgåve å medverke til at involverte enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfylging og støtte frå det ordinære tenesteapparatet etter kritiske hendingar. Det psykososiale kriseteamet kan også arbeide proaktivt. Proaktiv psykososial oppfylging inneber at kommunen aktivt vender seg direkte til den/dei ramma, og gjev tilbod om støtte og bistand i ein tidleg fase.
– Psykososialt kriseteam kan og gje tilbod til innbyggjarar i Vinje kommune som har vore utsette for kriser og katastrofar utanfor kommunen. Det psykososiale kriseteamet er også plikta til å yte bistand til nabokommunen på førespurnad. På same måte vil det i enkelte situasjonar vere aktuelt å få hjelp frå ein nabokommune. Det kan og vere situasjonar der grupper av menneske er ramma og det er innbyggar frå nabokommune blant desse.
– Når det gjeld tilvising til spesialisthelsetenesta i etterkant av ei hending vil det gå via lege.
– Helsedirektoratet har utarbeida ei nasjonal retningslinje for sjukehuset - Selvmordsforebygging i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Retningslinjene har blant anna som formål å syte for god samhandling mellom sjukehus, fastlege og kommunale helse- og omsorgstenester. Retningslinjene beskriv mellom anna at behandlar på sjukehus skal sørge for forsvarleg utskriving med ein plan for vidare behandling og oppfølging. Pasientar med sjølvmordstankar og -åtferd bør følgast opp med ein samtale i løpet av de første 72 timane etter utskriving frå døgneining i psykisk helsevern for vaksne.
10. september: Verdsdagen for førebygging av sjølvmord
-
VTB har spurt kommunane korleis dei jobbar med oppfølging av personar som har forsøkt å ta livet sitt, og kva som er rutinane for oppfølging av etterlatne etter sjølvmord
-
Pilegrimsvandring for menn som har mista nokon i sjølvmord: – Me har ein vond fellesnemnar
-
Frivillige kan redde liv heimafrå. – Me burde vore dobbelt så mange
-
Gunnar blei bare 15 år
-
Meiner alle kan bidra til å førebyggje sjølvmord
-
Derfor skriv VTB om sjølvmord
-
Dei siste 15 åra har Vest-Telemark mista 27 personar i sjølvmord
-
Familien visste at Tor ikkje hadde det bra. Då han tok livet sitt var det likevel eit stort sjokk