På hytta er det 32 sengeplassar, fire bad og eigen konferansesal
Eigarane av utleigehytta i Vrådal meiner den passar godt både til storfamiliar og næringsliv. Nå er den utleigd kvar helg fram til april.
– Me held hytta i god stand. Her skal det til kvar tid vere strøkent, seier Fred Hansen.
I 2016 kjøpte han hytte på Vrådal panorama, eit godt stykke opp i bakkane. Her er det god utsikt over hyttelandsbyen i Vrådal, Vråvatn og Roholdtsfjell.
Då han hadde overtatt hytta såg han at nabotomta var ledig. Hansen kjøpte den også, utan å ha ein konkret plan. Etter kvart kom ideen om å bygge ei større utleigehytte.
Ferdig i 2020
I mai 2020, akkurat då Noreg stengte ned på grunn av koronaen, var hytta ferdig og klar til utleige.
– Det vart ein litt tung start, fortel paret.
For på denne tida var det forbod mot å reise på hytta. Men då restriksjonane opna opp var mange ivrige etter å kome seg til fjells. Nå opplever dei stor pågang av folk som vil leige hytta.
Utleigehytta består av to einingar med totalt tolv soverom, fire bad, to kjøkken og to stover. I midten er det ein større sal som ein kan nytte til konferansar, arrangement, festar eller kino.
Ein kan leige heile hytta, eller berre ein av einingane.
– Me tenker at dette kan passe både til storfamiliar og til næringsliv, seier eigarane.
Paret fortel om eit godt samarbeid med fleire aktørar i Vrådal, mellom anna med Straand hotell som leverer sengetøy, og ein god del mat til dei som leiger hytta. Ein del av dei som leiger hytta, har også leigd inn kokk og servitør frå hotellet.
Fint både sommar og vinter
Paret frå Åsgårdstrand er fornøgde med plasseringa av hytta. Frå Kjetilskotvegen kan ein renne rett inn i skibakken, og det er heller ikkje langt til langrennsløyper. Utleigarane opplever at mange også er fornøgde med aktivitetstilbodet i Vrådal sommarstid. Gjestene spelar golf, badar, fiskar og går på fjelltur. Nokon har også leigd Fram-båten som går på Nisser.
– Me prøver å dra nytte av det som er her, seier Hansen.
Han meiner det er viktig å støtte opp om lokalt næringsliv, og det at det er varierte aktivitetar ein kan halde på med heile året er noko av det gjestene kjem med positive tilbakemeldingar på.
At gjestene kjem att ser dei på som eit positivt teikn.
– Me har gjester som leiger igjen og igjen, særleg bedrifter, men også private, fortel dei.
Nå er hytta utleigd kvar helg til slutten av april.
– Men midt i vekene er det framleis noko ledig, seier Ormestad Pedersen