Alle vinnarane fekk medaljar.

Over hundre ungar har vore med. – Lovar godt for tilveksten

75 deltakarar frå 2 til 13 år stilte til start då Vinje IL hadde klubbmeisterskap som avslutning for årets skikarusell. 

Publisert

– Akkurat nok snø, men fare for å bli våt dersom deltakarane datt i siste bakken, melder Åse Hylland frå Vinje IL. 

Ho fortel at Bruse var ivrig supporter på klubbmeisterskapen, og mange ytte litt ekstra for å få ein god klem av maskoten. Alle som stilte til start var heidra som vinnarar, men det vart kåra klubbmeister i klassene frå 11 år og oppover. Klubbmeistrane vart: Anne Høgetveit Teigen, Tarjei Østvoll Hylland, Halvor Holte Hylland, Ingrid Høgetveit Teigen og Viljar Kaasa Barstad.

Barnehagebarna gjekk ein liten runde, medan deltakarar frå førskulealder og opp gjekk den lange runden. Det var ein bratt bakke i starten, deretter krevjande utforkøyring før ein lang, slak motbakke gjekk over i det motsette. 

– Litt laus snø på oppløpet førde til at nokre av utøvarane stupa over målstreken etter å ha gjeve alt dei kunne, seier Hylland og sender ein stor takk til Anne-Sofie Bergene Strømme for ein supergod jobb som arrangør av årets skikarusell. 

Hylland seier at Bergene Strømme har hatt stålkontroll på logistikk og vore med på alle kveldane. 

– Når over hundre ungar har vore med, seier det noko om vel blåst, Anne Sofie. Det har tydelegvis vore moro. Dette lovar godt for tilveksten bak Runar Skaug Mathisen, meiner Hylland. 

Desse deltok:

Gunhild Bringsvær-Storåslid, Synnøve Bringsvær-Storåslid, Annbjørg Teigland Bråstøyl, Mari Teigland Bråstøyl, Tarjei Teigland Bråstøyl Andreas Hovden Berdalen. Jostein Hovden Berdalen, Amalie Mandt, Iben Mandt. Marius Strømme Lie, Matilde Haukås, Edvin Szymanski Høgset. Lars-Eirik Skjelbred. Ragnhild Marie Skjelbred, Amund Østvoll Hylland. Tarjei Østvoll Hylland, Even Strømme Lie, Eivind Eknes Vinje, Halvor Eknes Vinje, Gunnar Nordjore Sandok, Halvor Nordjore Sandok, Kate, Joar Streitlien Almenning, Razaan Mohammed Alkatta, Tarjei Tveiten, Martin, Andrea Sandok Kostveit, Sigrid Sandok Kostveit, Jonas Nevestveit Jonatan Nevestveit, Signe Vesaas. Øyvin Gravir Ståland, Amalie Finkenhagen Vaa. Malene Finkenhagen Vaa, Kåre Vinjerui Hamre, Olav Vinjerui Hamre, Saga Thoresen, Solveig Nystog Thoresen, Olaus Aaland. Tiril Ringhus Bjåen. Ragnhild Gundersen-Tjønn, Tarjei Eriksen. Halvor Årlid-Aasen, Sigrunn Årlid-Aasen, Selma Rui, Oda Rugli. Alena Øien-Sudbø. Åmund Øien-Sudbø. Nikoline Døli. Liva Døli, Halvor Holte Hylland, Muniir Ali, Tuva Malene Tveiten, Maria Bekhus, Sondre Bekhus, Eira Kaasa Barstad, Anne Høgetveit Teigen, Frida Haugo Bjåen. Ingrid Høgetveit Teigen, Viljar Kaasa Barstad, Olav Eriksen, Eivind Kvålen, Vetle Kvålen Miriam Hustveit Tjønn, Mathias Øien Sudbø. Paul-Henrik Trøite Tøftvang, Tov Fuglesteg, Camilla Strappafelci, Dorothea Strappafelci Erle Høgset Damkås, Olav Damkås Høgset, Edvard Lovin Jensen.

Det var godt med ein klem av Bruse etter ein runde på ski.
Powered by Labrador CMS