
Nytta vinterferien til å terpe teknikk saman på handballskule
22 aktive barn og unge storkosa seg på Granvin med Gjerpens handballskule måndag og tysdag.– Me gler oss til å vise dei andre på laget kva me har lært, fortel Vilde Alice og Åshild frå Drangedal.
– Dette har vore så bra, me kjem gjerne att, seier dagleg leiar i Gjerpen handball, Christen Knudsen som denne veka tok turen til Seljord for å arrangere handballskule for barn og unge frå 3. til 8. klasse i samarbeid med Seljord IL.
Han hadde med seg Gjerpens A-lagsspelarar Ingvild Bersås Westersjø, Caroline Wikheim Aas, Ronja Vesterøy og Guro Lien Røneid som instruktørar. Dei fire jentene fylte dagane med ulik teknisk handballkunnskap, leik, spel og glede, og rosa både tilhøva i ein god idrettshall, godt utstyr og veldig trivelege, engasjerte og læreviljuge deltakarar.
– Kan me vere med å bidra til auka rekruttering i handballen i øvre del av fylket, er det veldig bra, seier instruktørane.

Samarbeid
Påmeldinga til handballskulen var open for heile fylket, og 22 deltakarar frå Seljord, Midt-Telemark og Drangedal deltok. Arrangementet kom til som eit resultat av ei samarbeidsavtale Gjerpen har med Telemark fylkeskommune om å spreie handballglede.
– Nokre av spelarane frå Seljord var på handballskule i Grenland i fjor, og slik fekk me kontakt med klubben i Seljord. Komande haustferie vil me truleg arrangere ein ny handballskule i Bø, fortel Knudsen.
Han er glad for det gode samarbeidet med det lokale idrettslaget, og rosar Meny og Aasmundsens bakeri som har sponsa mat til alle på handballskulen.
Lærer mykje
Deltakarane har finpussa teknikken for straffekast, og får beskjed om at dei må ta ein matpause. Maten blir raskt inntatt, for kort tid etter kjem barna springande innatt i hallen.
– Det er så moro, eg bur i Oslo men er på vinterferie hos bestemor og bestefar her i Seljord. Me har leika, lært masse handball og har det veldig gøy, fortel Signe Mæland Vestgarden (8).
Ho og Ariam Habteab Tewelde (9) og Nelly Østbø Øverbø (8) nyttar pausen til å leike saman.

To andre jenter står og kastar handball til kvarandre. Dei starta å spele handball i fjor haust, då Drangedal fekk sitt fyrste lag att etter fleire års pause.
– Me spelar på jenter 12-13 i Drangedal, og synest det er veldig moro å lære av dei gode spelarane på Gjerpen. Me gler oss til å vise dei andre på laget kva me har lært, fortel Vilde Alice og Åshild frå Drangedal.
Invitasjon
Og når Gjerpens A-lag møter Follo damer 12. mars har Knudsen invitasjonen klar.
– Eg vil invitere alle som var på handballskulen, og alle medlemmene i Seljord handball med foreldre til kampen i Skienshallen.

