Fredag blei det oppdaga eit ras ned renna frå Spådomsnuten og ned til Flatsjø.

NVE etter Spådomsnuten-raset: – Slike skred kan vere teikn på auka aktivitet i ustabile fjellparti

Fredag kom eit steinras heilt ned til Flatsjø, som truleg har rasa ut frå renna nedanfor Spådomsnuten.  Seljord kommune har varsla Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Publisert Sist oppdatert

Oppdatert sundag morgon: VTB har kontakta Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med spørsmål om raset, om det blir gjennomført målingar av endringar i fjellet og eventuell framtidig rasfare frå Spådomsnuten. Vakthavande geolog Kjetil Indrevær har svart. 

– Blir Spådomsnuten overvaka av NVE? 

– Spådomsnuten er identifisert av NGU som eit mogleg ustabilt fjellparti, men er enno ikkje kartlagt i detalj. Innleiande undersøkingar frå nokre år tilbake viste at det ikkje er teikn til rørsle i større delar av fjellpartiet som kan utvikle eit større skred. NVE overvaker per no ikkje fjellpartiet, utover rørsledata me får gjennom InSAR Norge (sjå www.insar.ngu.no). Data frå perioden 2015–2024 viser ikkje teikn til signifikant rørsle i denne perioden.

– Vil dette raset bli undersøkt? 

– Mindre skred som dette er venta frå bratte fjellsider. Likevel, slike skred kan òg i nokre tilfelle vere eit teikn på auka aktivitet i ustabile fjellparti. Det er difor naturleg at me tek med oss denne skredhendinga i dei løpande vurderingane våre av prioritering av kartlegginga av ustabile fjellparti i Noreg.

– Kor stor fare meiner de at det er for at det vil kome større ras frå Spådomsnuten? 

– Dei innleiande undersøkingane har vurdert faren for eit større skred frå Spådomsnuten som låg.

Fleire år sidan sist

Då Torgeir Lognvik køyrde langs Flatsjø fredag føremiddag blei han merksam på ei fleire hundre meter lang stripe av ras nedover fjellsida på andre sida av vatnet. 

Her har raset kome ned til Flatsjø.

– Raset har truleg skjedd natt til fredag, og ein kan sjå eit ljost parti høgt i fjellet der Spådomsnuten deler seg. Kanskje raset kan ha kome derifrå, undrar han. 

Lognvik seier at det rasar frå Skorve av og til, og gjerne med snø og is på vinteren, men at det er fleire år sidan han har sett steinras som har hamna heilt ned til Flatsjø. Han  har sendt VTB bilde frå raset som me sendte vidare til regiongeolog hos Telemark fylkeskommune, Sven Dahlgren. 

Dahlgren fortel at han ikkje jobbar direkte med skred og ras lenger, men kjenner til at det rasar på austsida av Skorve innimellom, som til dømes ved mykje nedbør. Ut frå det Dahlgren kan sjå på bildet meiner han ikkje raset ser så stort ut, og legg til at det kan vere rasura som har sklidd ned, men at det sjølvsagt også kan kome frå lenger opp mot Spådomsnuten. 

Regiongeologen seier at Spådomsnuten ikkje blir overvaka heile tida, sjølv om han tidlegare kom med framlegg om dette. Han fortel at Norges Geologiske undersøkelse (NGU) gjennomførte målingar på Spådomsnuten mellom anna i 2017. 

Ein kan sjå eit kvitt parti nedanfor skåret ved Spådomsnuten (bildet til venstre) der kanskje raset har kome frå. Bildet til høgre viser steinmasser som har rasa nedover mot Flatsjø.

Land- og skogbruksrådgjevar i Seljord kommune, Knut Olav Heddejord, blei varsla om raset under Spådomsnuten på Skorve fredag, og melde dette vidare til NVE.  Fredag kveld fekk han tilbakemelding frå jordskredvaslinga hos NVE, som takka for meldinga.

I folketradisjonen

Spådomsnuten er ei stor steinblokk som står på skrå høgt oppi fjellsida i Skorve. Det seiast at Spådomsnuten skal rase ut og setje heile Flatdal under vatn. Vatnet skal nå så høgt at folk skal kunne binde pramane sine i dørklinka på Åse-gardane, som ligg høgt oppe i nordenden av dalen. Gardane ligg omkring hundre meter høgare enn Flatsjå.

Spåkvinna Sibylla (eit fellesnamn på synske kvinner) har spådd om Spådomsnuten, eller Spådomsklaven som han òg blir kalla, skal rase ut i Flatsjå etter at tre systrar frå Flatdal har stått brur på same dag. Eit anna merke er at når det glimar som ein by mellom Vallaråi og Skjerveåi, då er det tid for Spådomsnuten å rase ut. Dét meiner somme å sjå sterke tendensar til slik ved Dyrsku-bel.

Sibylla såg også ei verdfull, blank og strøymande åre inni Skorvefjellet. Kanskje denne spådomen gjekk i oppfylling med vassrøra som no gjev kraft til turbinane ved Sundsbarm kraftverk, meiner geocatcherane som har plassert ein catch ved nuten.

Powered by Labrador CMS