Nora inviterer til singeltreff på Dyrsku’n. – Har han mjølkekyr er det eit stort pluss
Norsk Bonde- og Småbrukarlag ønsker single i alle aldrar velkomen til «Tettpå-liten»teltet på Dyrskuplassen. Assisterande generalsekretær, Nora May Engeseth, håper på romantisk stemning.
– Det er forhåpentlegvis mange som er på utkikk etter kjærleiken, i alle aldersgrupper.
Nora May Engeseth (30) er assisterande generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). På veg til Dyrsku’n er ho i det romantiske hjørnet. På eigne vegne, kanskje?
– Me i NBS skal arrangere eit godt, gamaldags dating-arrangement. Men det er jo slik at ein ofte lar seg inspirere av eigen situasjon.
Me høyrer ho ler på telefon frå Oslo. Ho hadde ikkje eigentleg tenkt å bli del av ei sak i avisa, men …
– Me ler jo litt av at eg nå får lov til å bruke arbeidstida mi til å leite etter partnar. Dating-events har blitt ei stor greie i Oslo. Nå eksporterer me vår eigen vri til Seljord.
– Byr på musikk og god stemning
Nora har ikkje vore på Dyrsku’n før, men har fått med seg at det blir arrangert bryllaup der.
– Det kjem folk frå heile Noreg, og det er heilt sikkert mange single der, så me ønsker å lage ein møteplass der dei som er på utkikk kan få kome innom.
Ho fortel om «Tettpå-liten» teltet, som blir til dating-telt fredag kveld.
– Det skal vere ein stad der det er lett å kome i kontakt med folk. Når du kjem dit, møter du først meg og nokon andre i døra. Me deler ut eit ark, det er hemmeleg (for avisa) kva som står på det, og så byr me på musikk og god stemning.
Målet er at folk i teltet får prata med flest mogleg.
– Viss ein treffer nokon ein har det fint med, kan ein gå saman til Bondepub etterpå.
At det er meldt dårleg vêr ser Nora berre på som positivt.
– Det kan jo bli veldig romantisk når det regner. Hos oss kan ein gøyme seg inne i teltet, og så kan ein etter kvart til dømes dele paraply og gå bort til puben og dele ein øl.
– Det beste er at du finn kjærleiken
Sjølv kan Nora godt tenke seg å flytte til distriktet.
– Eg kan gjerne bli verande i Telemark, eg. Eg har leika med ideen om å flytte til ei bygd. Eg har på varsel frå Finn. Viss den rette plassen dukkar opp, så kan det hende eg hoppar i det.
Ho har vakse opp i Bergen, men seier at ho drøymer om å vere med å bygge eit mindre lokalsamfunn.
– Det enkle liv, nærare naturen, med stor plass til meg og hunden, og kanskje litt matproduksjon hadde vore fint.
Kven er draumebonden?
– He, he, dette blir fort litt kleint. Men ok; han er snill og grei og lidenskapeleg opptatt av det han driv med. Har han mjølkekyr er det eit stort pluss.
Håper du han dukkar opp i teltet på Dyrsku’n?
– Sjølvsagt!
Det er mange måtar å finne kjærleiken på, kvifor skal single på Dyrsku’n kome til teltet dykkar?
– Kvifor ikkje? Det kjem til å kome andre single som også kanskje synest dette er litt skummelt. Det verste som kan skje er at du får ein hyggeleg prat med nokon. Det beste er at du finn kjærleiken, og kanskje til og med kan bli smidd i hymens lenkjer på Dyrsku’n om nokre år.