Betalar tilbake: Finn Arne Askje er både kommunedirektør og gardbrukar i Tokke kommune. Som bonde søkte han om tilskot han ikkje hadde krav på. Nå vil han betale tilbake tilskotet han fekk utbetalt tilbake i 2020.

Nå vil han betale tilbake tilskotet han ikkje hadde rett på

Finn Arne Askje søkte i fleire år om tilskot han ikkje hadde rett på. Nå vil han betale tilbake summen for det eine året han fekk utbetalt tilskotet.

Publisert Sist oppdatert

I mai skreiv VTB at Finn Arne Askje, som både er kommunedirektør og bonde i Tokke kommune, i fleire år har søkt om såkalla RMP-tilskot, regionalt miljøprogram, som han ikkje har rett på.

Tilskotet han søkte på gjaldt ikkje for Tokke, men for bønder på øyer og i kystområde. Han søkte om å få tilskotet i 2019, 2020, 2021 og i 2023.

I 2019 fekk han beskjed om at dette tilskotet ikkje gjeld Tokke kommune, den same beskjeden fekk han i 2021. Men i 2020 fekk han utbetalt tilskotet – 72 000 kroner. Desse pengane har han altså ikkje rett på, og vil nå betale tilbake.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS