Millionar i gåvedryss til Vest-Telemark
Torsdag blei ei rekke vesttelar samla for gåveutdeling på nesten 6,9 millionar kroner frå Sparebankstiftinga DNB.
Då kundeansvarleg for bedrift i Sparebankstiftinga DNB, Dag Vidar Nygaard, rulla inn på parkeringsplassen utanfor Sjørormkroa i Seljord torsdag ettermiddag hadde han med ein solid pengesum han kunne gle 13 mottakar med.
Tretten gåvesjekkar på 6 873 290 kroner totalt blei delt ut.
– Det blir delt ut 38 millionar totalt i Telemark denne gongen, og eg trur ikkje eg har vore med å delt ut så mykje som sju millionar til ulike mottakarar i Vest-Telemark på ein gong før. Det er fantastisk, seier Nygaard og legg til ei oppmoding – det er meir pengar å søke om i tida som kjem.
Store summar
Dei aller største gåvesjekkane, på 1,5 millionar kroner kvar, var det idrettslaget Dyre Vaa og Seljord frivilligsentral som fekk. Begge prosjekt skal skape meir aktivitet i sine lokalområde.
– Me ynskjer å lage ei fleirbruksløype, ein grusa trase, rundt Uvatn ved Vierli som kan bli bruka heile året. Prosjektet er kostnadsrekna til 9,5 millionar og me jobbar enno med å få på plass heile finansieringa. Men me håpar å kome i gang slik at me kan lage ei løype der ein kan sykle, gå tur, arrangere terrengløp eller ha skiløyper på vinteren, fortel Ingar Bjørnø i idrettslaget Dyre Vaa.
Seljord idrettslag fekk også pengar, totalt litt over 600 000 kroner. Tellef Solås fortel at dette er midlar som skal gå til ledlys på kunstgrasbanen og ulike prosjekt som dei må sluttføre på Eventyrøy aktivitetspark.
– Me trenger mellom anna benkar, søppelstativ og ulike infotavler, seier han.
Aktivitet ynskjer også Seljord frivilligsentral og Seljord kommune også å få til og nå er dei 1,5 millionar nærare målet om å oppgradere dagens skatepark og etablere ein ny rullepark mellom skulen, ungdomsklubben og utlånssentralen i Seljord.
– Ein ny rullepark vil vere ein fin møtestad for all rullande aktivitet, seier prosjektleiar Truls Norheim og får støtte av dagleg leiar i Seljord frivilligsentral Rikke Roseng som er veldig glad for at dei kan vere med og søke om midlar til tiltak som dette.
– Og det er stas å vere med på prosjekt retta barn og unge, seier Roseng.
Historisk turveg
Inger Synnøve Lid frå prosjektet 59 grader Nord på Åmdals Verk blei både glad og rørt då gåvesjekken på ein million kroner kom fram. Her skal dei, i godt samarbeid med Åmdal IL, Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark museum, Høgde og alle grunneigarane i området skape ein heilt spesiell historisk sti som skal kome på plass både inne i gruva som endar ute på Cross Cut, og gjennom landskapet som framleis har fleire tufter frå gruvedrifta.
– Eg trur dette blir ein fin tur både for små og store, me er veldig stolte av røtene våre på Verket og eg gler meg til den tre kilometer lange stien blir klar, seier Lid.
Espen Sudbø frå Hylland og Drotning vel i Åmot blei også glad for gåvesjekken på 245 000 kroner til grillhytte.
– Både skule og barnehagen brukar leikeplassen og området me har etablert mykje, og folk i nærområdet samlar seg der, men me har sakna ei grillhytte der ein kan kome under tak og varme seg. Nå kan me få dette på plass også, smiler Sudbø nøgd.
Stilleboks og utstyr
Biblioteksjef ved Kviteseid folkebibliotek, Elin Eika Bringa, fekk ein gåvesjekk på 180 000 kroner og fortel at nå blir det stilleboks på biblioteket. Eit lite møterom med plass til fire personar, slik biblioteket har i Seljord.
– Denne boksen kostar 100 000, når den er montert ynskjer me å bruke resterande midlar mellom for å betre akustikken inne på biblioteket, seier Elisabeth Lid frå Kviteseid kommune.
Cecilie Austjore Hosum i Kviteseid frivilligsentral fekk også gåvesjekk. Den var på 200 000 kroner og skal gå til utstyr på utlånssentralen Bua, til ein skaparverkstad og spelaktivitet.
Åsgrend grendelag har pussa opp store delar av den tidlegare skulebygningen. Torsdag fekk Rønnaug Flatin ein gåvesjekk på nesten 90 000 kroner som skal syte for at det kjem varmepumpe i andre etasje, eitt biljardbord og ein skjerm.
– Me ynskjer å gjere huset endå meir eigna som ein attraktiv møteplass, mellom anna for ungdommane våre, seier Flatin.
Møteplass er også Granvins venner opptekne av, og Randi Nordskog kunne juble for 200 000 som dei ynskjer å bruke til ein scene med lyd og lys på kulturhuset i Seljord.
Seljord kunstforeining har gjennomført eit omfattande opprustingsarbeid med Kunstlåven. Knut Skrede Østevik fortel at med gåvesjekken på ei halv million kroner kan kunstforeininga fullføre oppgraderinga og isolere og kle loftssalen slik at han kan bli bruka til utstillingar.
– Men fyrst må me gjennomføre årets sommarutstilling, seier Skrede Østevik.
Samfunnshuset i Flatdal fekk også gåvesjekk, og nå kan kjøkkenet bli rusta skikkeleg opp sidan Sparebankstiftinga løyvde 350 000 kroner.
– Me ynskjer at huset skal vere mest mogleg i bruk, og då er kjøkkenet viktig for større og mindre arrangement, seier Espen Mellbye Larsen.