Meiner alle kan bidra til å førebyggje sjølvmord
Prostidiakon Eilev Erikstein har møtt mange av dei som har mista nokon i sjølvmord i Vest-Telemark. Kvart år vandrar han over Haukelifjell med menn som har opplevd denne sorga.
– Sjølvmordssorga kastar nokre ekstra skuggar, seier Erikstein. Han er med i fem av dei psykososiale kriseteama i Vest-Telemark, og har møtt mange av dei som har mista sine kjære i sjølvmord.
Det er langt fleire menn enn kvinner som tek livet sitt, både nasjonalt og lokalt her i Vest-Telemark. Men når det gjeld å nytte seg av behandlingstilbod innan psykisk helse, er menn underrepresentert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Derfor har Erikstein i fleire år vore med på å arrangere Vandring for forandring på Haukelifjell. Her går menn som er etterlatne etter sjølvmord over fjellet saman med fagpersonar. På vandringa kan dei dele tankar og erfaringar, eller berre gå stille ved sida av kvarandre.
Treng du nokon å snakke med:
Treng du akutt hjelp: 113
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Mental helse: 116 123
Mental helse har også ein chat: mentalhelse.no
Chatteneste for ungdom: mentalhelseungdom.no
Du kan også ta kontakt med fastlegen din.
Kameratsorga
Ein av dei som var med i haust er Ståle Kristiansen. I 2021 mista han ein kamerat.
Dette med kameratsorg trur diakonen er undervurdert. Han meiner vener fort kan bli gløymt. Då er ein ikkje familie, men kan ha stått den som har tatt livet sitt veldig nært.
Etter at kameraten til Kristiansen tok livet sitt, tok Erikstein kontakt med venene, og inviterte dei med på tur. Nå har Kristiansen vore med to gonger.
Dette å prate saman når ein går på tur passar han godt. Han har tru på fysisk aktivitet. Det å kome seg ut og gjere noko saman med andre.
– Om ein går i sin eigen lille sfære, går ein med dei same tankane, seier han.
I starten tenkte han mykje på om han kunne gjort meir for å redda kameraten. Nå har han konkludert med at det var hans val.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det er vondt å tenke på kor langt nede han må ha vore.
Opplevinga med kameraten har ført til at han har tenkt ein del på dette med sjølvmord – og menn.
Han meiner mange menn er dårlegare til å ta kontakt med kvarandre, enn det kvinner er. Og at dei ikkje er like flinke til å snakke om det som kan vere vanskeleg. At dei kvir seg for å laste problema sine over på andre. Det handlar om stoltheit, trur Kristiansen.
– Me skal klare oss sjølve.
Han trur det er dumt å tenke slik. For om ein er ærleg, opnar opp, og deler tankar om det ein kan oppleve som krevjande, så opplever ein gjerne at andre også strevar.
Kristiansen trur det er nokså mange som er einsame, og meiner me må sjå oss meir rundt. Vise at me bryr oss. Ta meir kontakt. Invitere på ein kopp kaffi, eller ta ein telefon.
– Også må ein ikkje vere redd for å spørje korleis nokon har det, sjølv om ein kan få eit tøft svar, seier han.
Spørje, lytte, ta seg tid
Øyvind Dåsvatn jobbar som spesialrådgjevar i RVTS (Dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging), og driv med undervisning og kompetansebygging om sjølvmordsførebygging.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei siste åra har talet på sjølvmord lege mellom 600 og 700 i Noreg.
– Og sjølv om me prøver å førebyggje, så har me ikkje fått ned tala, seier han.
Spesialrådgjevaren, som fleire gonger har vore med på vandringa på Haukelifjell, seier alle kan bidra til å førebyggje sjølvmord. Han meiner det handlar om å vere merksam, sjå dei ein har rundt seg, spørje, lytte, ta seg tid, vise at ein bryr seg. Og om det er nokon ein er bekymra for så skal ein ikkje vere redd for å spørje om dei har sjølvmordstankar.
– Der må me vere litt modigare, meiner han.
Å ha sjølvmordstankar er nemleg ikkje så uvanleg. Det kan vere vanskeleg å talfeste, men forskarar meiner at så mange som éin av tjue har sjølvmordstankar i løpet av eit år.
Det at nokon spør og viser at dei bryr seg kan gjere ein forskjell.
– Dei fleste opplever det positivt, seier Dåsvatn.
Han meiner det er viktig å ta seg tid, lytte og spørje på ein slik måte at det ikkje er nokon tvil om kva ein spør om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og om nokon fortel at dei har planar om å ta livet sitt bør ein sette vedkommande i kontakt med nokon som kan hjelpe. Det kan vere ein fastlege, ein helsesjukepleiar eller nokon i hjelpeapparatet som vedkomande har tillit til.
Dåsvatn trur også at gode fellesskap kan førebyggje sjølvmord, det å vere med i noko som er større enn seg sjølv. Om det er ein skuterklubb, eit kor, eller ein fotballklubb betyr ikkje så mykje.
– Det er det å kjenne at ein høyrer til som er viktig, seier han.
Me må snakke om sjølvmord
Diakon Erikstein trur også på fellesskap. At det å ha ein plass å høyre til, og nokon å vere saman med, kan vere med på å førebyggje sjølvmord. Også meiner han det er viktig å følgje opp dei som har mista nokon i sjølvmord.
Han har møtt mange av dei etterlatne, berre timar etter at dei har fått vite om dødsfallet.
– Kva gjer ein i ein slik situasjon?
– Eg slenger meg ned i sofaen, seier han.
Å finne dei rette orda har han ikkje lenger tru på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han trur trøysta ligg i at nokon er der, og orkar å vere i rom med så stor sorg, og så mange kjensler.
– Eg synest ikkje det er vanskeleg.
Han håpar at han bringer litt luft inn i rommet. Og meiner det beste rett etter ei slik hending kan vere praktisk hjelp.
I tillegg er han oppteken av å sjå etter det som kan gje lindring og trøyst.
Diakonen ser at mange er opptekne av dei etterlatne den fyrste tida, men meiner det også er viktig å følgje opp over tid.
Og då er det ikkje nok å berre tenke på nokon. Det må handling til.
Reis på besøk, gje ein klem, send ei melding, inviter ut på ein tur.
– Å sjå dei ein har rundt seg er kjempeviktig, seier Erikstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Myter om sjølvmord
Me bør ikkje snakke om sjølvmord: Forsiktig omtale av sjølvmord kan forsterke eit inntrykk av at det å snakke om sjølvmord er farleg. Desse haldningane finst til ein viss grad òg i helsevesenet. Dette er alvorleg dersom det hindrar oss i å spørje konkret om sjølvmordstankar – og planar. Slike direkte spørsmål hjelper oss med å identifisere dei som treng hjelp. Me veit at det å spørje om nokon har sjølvmordstankar, kan vere vernande. Dei kjenner seg lytta til, og dei veit at nokon bryr seg om dei. Å snakke om sjølvmordstankar kan redde liv.
Sjølvmord skjer utan forvarsel: Me veit at mange som tar livet sitt har gitt eit forvarsel. Dette kan vere truslar om å skade seg eller ta sitt eige liv, å leite etter metodar for å gjennomføre eit sjølvmord, eller å skrive eller snakke om å døy.
Flest sjølvmord skjer om vinteren: Sjølvmord er komplekst, og det er ikkje berre knytt til årstider og mørketid. Generelt er sjølvmord meir vanleg om våren.
Sjølvmordsforsøk er eit ønske om merksemd: Nokre trur sjølvmordsforsøk er ei type manipulerande merksemdssøking, utan at det ligg eit ekte ønske om å døy bak. Dette er ei haldning som i seg sjølv kan auke risikoen for alvorlege sjølvmordsforsøk. Nokon kan ønskje å døy i eitt augneblink og i neste augneblink be om hjelp. Andre undervurderer kor dødelege forsøka deira er.
Me kan ikkje hjelpe dei som har bestemt seg for å ta sitt eige liv: Me skal ikkje ha overdriven tru på at helsepersonell eller andre kan føreseie eller hindre menneske frå å ta sitt eige liv. Det finst likevel mykje konkret ein kan gjere for å hjelpe ein person med sjølvmordstankar.
Det er berre psykisk sjuke som tar livet sitt: Sjølv om det å ha psykisk sjukdom er ein viktig risikofaktor for sjølvmord, er berre 50 prosent av sjølvmorda knytt til oppfølging i psykiatrien. Me veit at risikoen for sjølvmord blir påverka av sosiale forhold, personlegdom, tidlegare traume, kulturelle faktorar, psykisk sjukdom, samt biologiske/genetiske faktorar.
Kjelde: LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord
Slik har VTB jobba med denne saka:
Fakta og talgrunnlag i desse sakene er utarbeida av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Tala gjeld dei siste 15 åra, frå 2009-2023. VTB ser Vest-Telemark under eitt og har ikkje brote tala ned på kommunenivå.