Om ein heidersmann
Minneord
Melding om at Halvor Draugedal er død var trist å få. I heile mi tid har Halvor vore ein viktig og kjær person i slekti. Ein me var stolt av. Som fetter av far min kom han nær oss både fordi han var så familiekjær – og fordi livssynet hans var så samanfallande med det mange i slekti trudde på.
Som menneskje var Halvor lett å like og bli glad i – med det store smilet og det varme hjarta for alle – særleg for dei som trong det mest. Hans hjartelag for dei svake gjorde Halvor til eit forbilde. Hans tankar og meiningar var mange og iblant i utkanten av tradisjonelle. Det gjorde Halvor til ein spennande kar å samtale med.
Hans virke som entrepenør kan andre meir om, men han bruka sine gode evner og fekk til mykje som me i slekti var stolte av.
Men det er hans trufaste innsats gjennom mange tiår for arbeidet i det kristne miljøet – og særleg for Maran Ata-stemna i Seljord som vil kaste glans over namnet Halvor Draugedal i lang tid framover. Halvor praktiserte si kristne tru i alt han var med i - frå politikk til arbeidsliv – og ikkje minst i arbeid for den glade bodskapen i den kristne tru. Og det var den glade kristendomen Halvor ville formidle til andre. Me er mange takksame som fekk lære Halvor å kjenne – og bli glad i.
Fred over hans gode minne.