Dagleg leiar av Kafé Hvelvet Rebekka Vik Skomdal (33) er utdanna interiørkonsulent, noko gjestene legg merke til.

Rebekka skaper sydenkjensle midt i Fyresdal

Dagleg leiar av Kafé Hvelvet Rebekka Vik Skomdal (33) kom heim til Fyresdal i 2019 med eit ynske om å skape noko eige. Interiørkonsulenten som driv kafé får stadig tilbakemeldingar frå gjestene om at dei kjenner seg på ferie i eit anna land.

Publisert

På varme sommardagar blir Folkestadbyen i Fyresdal fylt opp av turistar. I enden av gata der banken var før ligg Kafé Hvelvet, med ein estetikk og atmosfære som skil seg ut. Denne sommaren blir dagleg leiar Rebekka Vik Skomdal (33) sin fjerde sesong, men også resten av året er det god flyt på kafeen. 

– Dei lokale er flinke til å støtte, i tillegg til hyttefolket. Det er ikkje alltid det er så mange her utanfor sesong, men det er alltid nokon, smilar ho.  

Frå Barcelona til Folkestadbyen

Skomdal er utdanna interiørkonsulent, og etter innhaldsrike år som busett i Kristiansand, Stavanger og Barcelona vendte ho heim att til Fyresdal i 2019. Sidan har ho ikkje sett sett tilbake, eller kanskje litt, for kjærleiken til Barcelona blir ho aldri kvitt. 

– Eg forelska meg i plassen, den fenga meg rett og slett. Det er noko med atmosfæra der, og så mykje kultur, seier Skomdal.

Ho reiser ofte tilbake, sist gong i påska og neste gong i slutten i august. Før ho kan reise sørover skal ho likevel gjennom ein hektisk sommar på kafeen. 

– Å drive kafe er meir jobb enn ein trur, men gode tilbakemeldingar hjelper på å halde koken oppe, smilar ho. 

Utdanninga kjem også til nytte, for gjestene legg merke til at interiøret på kafeen er godt samansett og gjennomtenkt. 

Rebekka måtte tilbake til kassa for å ta hand om køen.

I eit anna land 

Kafé Hvelvet tilbyr ei avslappande sydenaktig stemning, og av ein eller annan grunn ensar ein korkje vegen på eine sida eller Spar-butikken på den andre. Kanskje gløymer ein til og med at ein er i Noreg. 

– Folk seier dei kjenner seg skikkeleg på feire her, at dei slappar av som om dei var i eit anna land, seier Rebekka. 

Innsida av kafeen er varm og roleg.
Dei fleste gjestene trekker ut på dagar som denne.

Kafé Hvelvet har i sommar ni tilsette, som tilbyr god kaffi, heimelaga lunsj, smakfulle kaker og drikkevarer frå Lindheim Ølkompani. Sporten Fyresdal held til i same lokale, og blir drive av mor Sigrunn. 

– Og det kjem godt med, smiler Rebekka. 

Skomdal ynskjer å få den gamle fontena i gang igjen.
Powered by Labrador CMS