Ifølgje kjelder VTB har vore i kontakt med er det observert blågrønn-algar på fleire av strendane på Fjonesida.

Mistanke om blågrønalgar i Nisser. Åtvarar mot bading der vatnet er grønt

Nissedal kommune har fått fleire meldingar om det som truleg er blågrønalgar i Nisser. 

Publisert Sist oppdatert

– Me må vere førebudde på at me kan få oppblomstring av blågrønalgar gjennom sommaren i år, seier kommuneoverlege Andreas Myklebust i Nissedal.

Kommunen har fått fleire meldingar om grønt vatn langs strendene. Truleg er det blågrønalger. Nissedal kommune går nå ut og åtvarar folk om å ikkje bade der vatnet er grønt. Folk og dyr bør heller ikkje drikke dette vatnet fordi blågrønalgar kan produsere giftstoff som er farlege for menneske og dyr, melder kommunen på si heimeside.

Kan endre seg fort

Kor mykje algar som er i vatnet, kan endre seg raskt med vêr og vind. Fint og varmt vêr gir meir algar. Innbyggjarane vert bedne om å vurdere vatnet sjølve før bading. Er vatnet grønfarga, eller om siktdjupet er mindre enn 0,5 meter, rår kommunen om at ein ikkje bør bade, både for menneske og dyr.

– Der vatnet er klart er det ikkje problem å bade, seier kommunelegen. 

 Nisser er drikkevasskjelde for dei fleste i Nissedal, men drikkevatnet du har i springen skal ifølgje kommunen ikkje vere farleg å drikke. 

Skal ta vassprøver

Ifølgje Folkehelseinstituttet er blågrønalgar eigentleg ei gruppe bakteriar som heiter cyanobakteriar. Desse finst naturleg i jord, luft og vatn, men under visse forhold kan det bli ei synleg oppblomstring av bakteriane i elvar og innsjøar, av og til òg i havet. 

Cyanobakteriane kan verke irriterande på huda og kan gje allergiske reaksjonar. Nokre cyanobakteriar kan produsere giftstoff som kan føre til alvorlege forgiftingar, men det er ingen rapporterte tilfelle av forgiftingar hos menneske i Noreg. 

Har ein bada i grønt vatn, er det uansett lurt å dusje så snart som mogleg og vaske badetøyet, rår Folkehelseinstituttet.

Nissedal kommune melder at dei nå vil ta vassprøver som blir sendt til analyse.

Powered by Labrador CMS