Mattilsynet må offentleggjere namn. – Bekymra for tryggleiken
Sivilombodet slår fast at Mattilsynet må utlevere namn på 1250 tilsette til dyreaktivistar og andre som ber om det. Både leiing og tillitsvalde er bekymra.
Ifølgje Nationen er det Nettverk for dyrs frihet som har fremja kravet.
– Kven som er tilsett i den offentlege forvaltninga og korleis deira arbeid blir utført, er offentleg informasjon, slår sivilombod Hanne Harlem fast.
Landbruks- og matdepartementet har bede Mattilsynet gjere ei ny vurdering, trass i frykt for at opplysningane kan bli misbrukte. Det betyr ifølgje Nationen i realiteten at listene blir offentleg tilgjengelege.
– Me synest dette er krevjande, og er bekymra for tryggleiken til våre tilsette, seier Lena de Faveri, direktør for avdeling styring i Mattilsynet.
I ein felles e-post skriv dei fire hovudtillitsvalde i tilsynet at identifikasjon heilt sikkert vil «medføre trakassering av den enkelte inspektør og antakelig også vedkommendes familie, barn og partner».
Sivilombodet meiner det er uakseptabelt at tilsette blir utsette for truslar, vald og sjikane, men at departementet i svaret sitt ikkje har vist til konkrete vurderingar.
Talsperson Tor Grobstok i Nettverk for dyrs frihet er samtidig ikkje fullt avvisande til at opplysningar om enkelte tilsette får fritak frå offentleg innsyn.
(©NPK)