Kompani Tokke. Ein annleis skuledag
Inspirert av TV-serien Kompani Lauritzen bytta lærarane ut ein dag med tradisjonell undervisning med ein dag i forsvaret.
Ein heilt vanleg skuledag i 7. klasse på Tokke skule har så vidt starta. Men ein ting er ikkje som det brukar. Lærarane Berit Bekk og Sunniva Øien manglar.
Rektor kjem inn til klassa og forklarar at dei to lærarane har forsove seg.
Dei seks elevane Theodor Seltveit, Vilde Marie Haugen, Selma Drevsjømoen Døli, Naomi Supahs Larsen, Rikard Magnus Grøstad Johnson og Vetle Smalås Bergheim ler litt når dei fortel om dette til VTB nokre dagar etterpå.
– Men så kom lærarane marsjerande inn, fortel dei.
Dei to lærarane hadde tatt på seg militærklede og såg ganske strenge ut.
– Ja, dei var så strenge at det var litt komisk, fortel Theodor.
Elevane hadde ikkje fått vite noko meir enn at dei skulle ha på seg klede som passa vêret. Det var lurt for resten av dagen var dei stort sett ute.
– Fantastisk! meiner Naomi Supahs Larsen.
Ifølge elevane var det lærarane som ønskte seg ein dag ute og grunnen er det dårlege inneklimaet på Tokke skule. Elevane i 7. klasse er heilt einige med lærarane i at inneklimaet ikkje er bra på skulen deira.
– Det er heilt forferdeleg, seier Vilde.
– Det kan bli 30 grader i klasserommet og ventilasjonsanlegget fungerer ikkje, meiner Rikard, og legg til at det hender dei får vondt i hovudet av ein dag på skulen.
– Ja, eg har paracet i sekken fordi eg får så ofte vondt i huet, fortel Naomi.
7.-klassingane håpar dei snart får ny skule. I mellomtida set dei pris på nokre dagar ute i frisk luft.
Lærar Berit Bekk og Sunniva Øien stadfestar at alt elevane fortel om inneklimaet stemmer, og at det største problemet er at det blir altfor varmt. Ho fortel at inneklimaet var ein av grunnane til at dei valde å ha ein dag som denne. I tillegg er det veldig viktig med inkludering og samhald i ei klasse.
– Me såg ei klasse som bestod på alle punkt. Gode val og samarbeid frå start til slutt, seier Berit og Sunniva.
Samarbeid og bålfyring
Programmet «Kompani Lauritzen» har gått på TV2 i mange år og har inspirert fleire lærarar til ein litt annleis dag for elevane. På Tokke skule måtte elevane stille opp på skuleplassen og etterpå fekk dei utdelt ein bjørkestokk som dei skulle bere rundt på heile dagen.
Nykelen var samarbeid.
Dei tjue elevane vart delt inn i fem troppar og det var på ein måte ein konkurranse mellom troppane. Litt fysisk krevjande var det også.
– Me måtte også tenke litt utanfor boksen, seier dei.
Ei oppgåve gjekk ut på å tenne bål. Dei fekk litt ved, tennstål, litt lo og ein kniv. Då dei fekk fyr på bålet skulle dei få åtte desiliter vatn til å koke. Nokre av troppane løyste oppgåva ganske raskt, for andre tok det lenger tid.
– Ein skuledag, kanskje, fortel Vilde og ler.
– Fekk dei noko hjelp av fenrikane?
– Nei, me skulle fikse alt sjølve, men fekk kanskje litt råd, seier Vilde.
Elevane opplevde ikkje at dei blei krangel eller usemje og dei ulike troppane hjelpte kvarandre om det var behov.
– Ein skal bli den beste utgåva av seg sjølv, fortel Rikard.
7.-klassingane håpar dei får fleire dagar som «Kompani Lauritzen» på Tokke skule, og anbefaler ein slik dag for fleire.
– Kva lærer de av ein slik dag?
– Me har alle fag, berre at me har det i praksis, svarar Vilde.
– Det er også veldig positivt og styrkar klassemiljøet, legg Naomi til.