Svanaug Fossli, Hans-Christian Stana Borstad, Mari Stana Borstad, Thormod Felle, Bjarne Reine, Vegard Fjalestad og Torgeir Aarak håpar på utbetring av Fjonevegen.

Kjempar for tryggare veg

Det er 17 ungar som har Fjonevegen som skuleveg. Nå har fleire av foreldra i grenda tatt initiativ til ei underskriftskampanje for å få utbetra vegen.

Publisert Sist oppdatert

Fem over halv åtte går ungane i Fjalestadgrenda heimanfrå. Kvart på åtte går skulebussen frå krysset ved gamleskulen, og ein time seinare startar skuledagen i Treungen. 

Det er 27 kilometer frå Fjalestad til Treungen, og fleire av foreldra på Fjone engasjerer seg nå for å få utbetra Fjonevegen, som i dag er skuleveg for 17 ungar. 

Dei fortel om hol i vegbanen og sprekkar i asfalten, krappe svingar med dårleg sikt, og om stader der det er fare for ras. 

I dag er det 17 skuleungar som dagleg køyrer buss til skulen i Treungen. I minibussen er det plass til 22. På Fjone er barnetalet aukande. Neste år kjem det fire nye fyrsteklassingar, og på sikt kan minibussen bli for liten.

«Dette skaper trafikkfarlege situasjonar, som potensielt kan ha fatale utfall», heiter det i eit opprop som til nå har fått 320 underskrifter.

Køyrer forsiktig

Tømmerbilen må på utsida av den kvite stripa om skulebussen skal kome forbi her.

Osmund Almelien er ein av dei som køyrer skuleungane frå Fjone til Treungen. Han er godt kjent, både med ungane og på vegen, og han er ikkje redd. 

– Men eg køyrer alltid forsiktig her, seier han. 

For Fjonevegen er smal, og nokre plassar kan det vere ei utfordring å møte større bilar.

Det gjeld særleg området ved Ovnen. 

Det hender at Almelien og skuleungane møter på Tormod Felle med tømmerbil her. 

– Og då er eg glad for at eg har liten buss, seier Almelien. 

For då er det han som må rygge. 

Tømmerbilen til Felle er 2,5 meter brei og 24 meter lang, og når den er fullasta veg den 60 tonn. 

Trafikkfarleg stad

For å nå visjonen om null skadde og drepne i trafikken meiner den erfarne tømmerbilsjåføren at det er viktig å vere merksame på dei stadene som er særleg trafikkfarlege.

– Og strekninga ved Ovnen på Fjonevegen er ein slik stad, meiner han.

Tormod Felle forstår at det kan vere skremmande å møte tømmerbil på Fjonevegen.

Dei fastbuande veit at dei må liggje heilt ut på kanten om dei møter han i tømmerbilen, det er ofte verre med dei som ikkje er like kjent. Dei kan bremse eller begynne å rygge. Frå førarsetet i tømmerbilen ser han ofte frykt i augene på dei han møter, og han skjønner godt at det kan vere skremmande å møte ein så stor bil bak svingane her. 

Når Torgeir Aarak og Tormod Felle møter kvarandre her ved Ovnen på Fjone er det ikkje plass til å passere kvarandre. Då må ein av dei rygge.
På dei eine sida av den smale vegen er det ein steil fjellvegg, på den andre sida ligg Nisser.

Det er særleg den bratte bakken opp mot Ovnen som kan vere utfordrande. Her er det smalt, og om Felle må stoppe her når han kjem frå Fjone med fullasta bil, kan det vere vrient å kome i gang igjen på vinterføre. 

– Og eg kan ikkje rygge med fullasta bil. Det går ikkje, seier han.

Derfor sukkar han gjerne letta ut når han kjem på toppen av denne kneika utan å møte nokon. 

Det gjer også Torgeir Aarak som er ein av dei som køyrer brøytebil på Fjonevegen. Han prøver å ut så tidleg han kan på morgonane, for heller ikkje han likar å møte bilar ved Ovnen.

– Og me er jo mest ute når det er vanskelege køyreforhold, seier han.

Dei to sjåførane har i fleire år ynskt seg lysregulering når store bilar skal passere dei 700–800 meterane der det er mest utfordrande. Det er også dei lokale som står bak oppropet positive til. Dei likar heller ikkje å møte på tømmerbil eller brøytebil her, og vil heller vente nokre minuttar på raudt lys.

Den steile fjellveggen ved Ovnen har blitt rassikra, men det hender likevel at det av og til rasar is og snø ut i vegen. Vinterstid kan det derfor vere ekstra utfordrande å møte andre bilar her. 

Meir trafikk

Vegard Fjalestad, som er ein av initiativtakarane til underskriftskampanjen, fortel at det er langt meir trafikk på Fjonevegen nå, enn tidlegare. Fleire pendlar langs vegen. I tillegg har hyttebygging og auka turisme ført til meir trafikk, fortel han.

Fjalestad meiner det er behov for oppgradering av vegen heilt frå Treungen til Fjoneferja, og håper at arbeidet heller vil bli gjort skikkeleg etappevis, enn delvis på heile strekninga. Det er strekninga frå Treungen til hyttefelta langs Nisser der det er mest trafikk og slitasje på vegen, seier han. Her meiner han det vil vere behov både for masseutskiftingar og betring av siktsoner. 

Fjonevegen ligg ikkje inne på dagens handlingsplan for fylkesvegar, men snart startar dei å sjå på kva for strekningar som bør bli prioritert i perioden 2028–2031. Innbyggjarane på Fjone vil med underskriftskampanjen, som nå ligg ute på opprop.no, gjere politikarane merksame på denne vegen. Om eit par veker vil dei levere underskriftene til politikarane som skal vere med å prioritere kva for vegar som skal inn på den nye investeringsplanen til fylkeskommunen.

Rekkverk og strøsand

Det er ikkje alle stader det er like greitt å passere brøytebilen på Fjonevegen.
Det hender at det raser is frå fjella ved Ovnen.
Her må ein ikkje spare på strøsanden, meiner Tormod Felle.

Almelien, som køyrer skulebussen, har eit ynskje for Fjonevegen, og det er rekkverk av betong på heile denne utsette strekninga ved Ovnen. For sjølv om delar av strekninga for nokre år sidan vart sikra med nytt rekkverk, så gjenstår det framleis eit parti med vanleg autovern.

– Og dette autovernet er gamalt, seier han.

Felle fortel at det har vore mykje hogst på Fjone dei siste åra, og han trur ikkje det blir mindre framover. Mest hogst er det på vinteren, og med tanke på den komande vintersesongen har den erfarne tømmerbilsjåføren derfor ei bøn til fylkeskommunen:

– Ein må i alle fall ikkje spare på strøsanden her, seier han. 

Vegen er smal her ved Ovnen. På den eine sida er det ein steil fjellvegg, på den andre sida ei bratt skråning rett ut i Nisser. Her ynskjer Osmund Almelien, som køyrer skulebussen, seg eit skikkeleg rekkverk av sement. – For det som står der i dag er gamalt, seier han.
Powered by Labrador CMS