Unngå å gi julemat til firbeinte. Illustrasjonsfoto: Tryg Forsikring

Kjæledyra kan bli alvorleg sjuke av julemat

Det kan vere freistande å dele litt julemat med dei firbeinte, men det kan gi alvorlege helseproblem.

Publisert

Ein av ti svarar at kjæledyret har fått i seg ribbe eller pinnekjøt, kjem det fram i ei undersøking gjennomført av YouGov på vegner av Tryg Forsikring, skriv forsikringsselskapet i ei pressemelding.

– Pinnekjøt og ribbe inneheld store mengder feitt og salt, og kan gi akutte mage- og tarmlidingar. I verste fall kan det føre til alvorlege helseproblem, seier Kari Beathe Stenseth, skadesjef for dyreforsikringar i Tryg.

Stenseth minner òg om at bein frå julemiddagen er risikabelt. Dei kan splintrast og setje seg fast i svelg, mage eller tarm.

Det finst likevel enkle grep ein kan gjere for å sikre ei trygg julefeiring for dei firbeinte.

– Gi vanleg fôr og godbitar som er tilpassa dyr. Rydd grundig etter måltida. Skulle uhellet vere ute, er det viktig å kontakte veterinær så raskt som mogleg, seier Stenseth.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS