Noregs høgsterett har fått ny direktør
Ho heiter Camilla Selman og er frå Seljord
VTB har besøkt Camilla på jobb i det ærverdige bygget på Høyesteretts plass i Oslo
Høgsterett-direktør Camilla: – Det hender eg snakkar litt breiare
Camilla Selman er utnemnt til ny direktør for Noregs Høgsterett. – Eg gjer så godt eg kan med oppgåver eg får, seier direktøren, som vaks opp i Seljord.
Klikk-klakk-klikk-klakk.
Camilla Selman (54) går i høghæla sko bortover kvite og brune flisgolv i Noregs Høgsterett. I ein av rettssalane, i det 7938 kvadratmeter historiske bygget, er det ei pågåande sak om naturskadeforsikring – forsikringsselskap mot staten.
Ein anna stad i bygget har Høgsterett nettopp forkasta ei anke. Marius Borg Høiby får ikkje sone varetektsfengsling med fotlenke heime på Skaugum.
– Nå ringer dei frå alle mediehus, fortel kommunikasjonssjef, Ann Kristin Salbuvik.
Camilla, som bare har hatt direktørjobben i nokre veker, viser oss inn på eit staseleg direktørkontor med flotte, gamle møblar.
– Det er jo litt spesielt å ha denne typen møblar på kontoret sitt, smiler ho, og peiker på det som liknar på kongestolar i grøn fløyel.
Jobba på landhandelen
Den nye direktøren i landets øvste domstol er vesttele, og har vakse opp i Seljord. Foreldra flytta til Seljord då ho var fire år, og Camilla budde heime til ho var ferdig med gymnaset i Bø. Då flytta ho til Oslo og starta på juss. Etter sju år i Oslo flytta ho og familien til Ski. Mannen Kai Spurkland er direktør i Noregs institusjon for menneskerettar. Camilla og Kai gifta seg i 1997, skilde seg i 2007 og blei saman att i 2013.
– Ja, så nå bur eg med eksen, smiler Camilla.
Saman har dei tre vaksne born på 24, 27 og 29 år.
– Venner pleier å seie at me fekk altfor mange born altfor tidleg. Eg hadde fått tre born før eg var 30 år.
Camilla har ikkje familie att i Seljord. Far, Kjell Oskar Selman, døydde i 2013, og mor bur nå i Drangedal, der ho vaks opp. Men Camillas minne frå Seljord er mange og fine.
– Eg jobba på landhandelen i Nordbygdi (nå Siloen) frå eg var 13 år gamal. Eg fann fram mjølk, mjøl og andre varer over disk og skreiv kvitteringar for hand. Det er artig å ha opplevd korleis det var, seier ho.
– Og Selma – bur ho framleis i Seljordsvatnet?
– Eg kan ikkje kome frå Seljord og seie at eg ikkje trur det, kjem det raskt.
Camilla er på Dyrsku’n nesten kvart år. Ho handlar alltid lokalprodusert mat.
– Eg har eit sterkt forhold til Dyrsku’n. Då eg var yngre, sat eg ute der og selde papirbillettar. Etter kvart blei eg assisterande billettsjef og fekk sitje inne.
– Eg er fornøgd
Ho har ein imponerande CV etter kvart, direktøren frå Seljord. Ho er spesialist innanfor arbeidsrett, forvaltningsrett og prosedyre og har erfaring frå Skattelovavdelinga i Finansdepartementet. Ho har vore advokatpartnar i Hjort, senioradvokat i Wiersholm, og har jobba hos Kommuneadvokaten i Oslo i mange år. I 2018 blei ho kommuneadvokat i Bærum, og i 2020 blei ho kommuneadvokat i Oslo.
Nå sit ho altså i direktørstolen i Høgsterett. Over ho er berre Høyesterettsjustitiarius Toril Marie Øie.
– Korleis kjennest det å vere direktør?
– Det kjennast fint, men eg er ikkje så opptatt av titlar. Det var ein jobb eg søkte på og ønska meg, så eg er fornøgd, seier Camilla.
Ho fortel om tida som advokat, og at ho har vore veldig glad i jobben som kommuneadvokat.
– Men eg hadde lyst på litt forandring og prøve ein jobb som bare var leiarjobb.
Ho skildrar jobbsøkingsprosessen som omfattande og litt slitsam.
– Det er mykje tankeverksemd, intervju i fleire omgangar og to personlegdomstestar.
– Kven er du i ein personlegdomstest?
– Eg er planmessig, har orden og system, seier ho først.
– Eg la merke til at kontoret her er veldig ryddig.
– Ja, men eg har ikkje jobba her så lenge endå. Det er nok meir rotete her om nokre månader. Eg rydda litt før de kom og tok vekk ein del gule lappar, seier ho, og smiler.
Camilla er også omgjengeleg, empatisk og god til å samarbeide ifølgje personlegdomstestar.
– Er det noko i deg som er typisk seljording eller vesttele?
– Hm. Eg er ganske sjølvstendig. Eg er ikkje redd for å seie det eg meiner. Og så er eg lite bekymra, eg har ganske mykje feitt på nervane, og trur det er ein fordel, svarar ho.
– Redde verda i pen drakt
Camilla spøker med at ho valde juss-studiar fordi foreldra var med i Amnesty og fordi ho såg mykje på Lov og rett i L.A (L.A. Law) då ho var yngre.
– Eg såg nok for meg at eg skulle redde verda i pen drakt. Eg føler ikkje eg har redda verda, men eg tener nok til at eg kan kjøpe meg pen drakt, seier ho, og ler litt.
Som direktør i Høgsterett har Camilla administrativt og økonomisk ansvar for 70 tilsette.
– Korleis er ein typisk direktør-dag i Høgsterett?
– Det er litt tidleg å svare på. Men det er mange møte – om diverse ting. Ein del av jobben handlar om å setje opp ein plan for alle dommarane og rettssakene som går føre seg i to salar, første og andre avdeling, og i ankeutvalet.
Camilla er utprega A-menneske og likar å trene før ho drar på jobb om morgonen.
– Eg spring, syklar eller trenar styrke. Rundt klokka 18 går eg heim frå jobb. Mannen har like lange dagar, så det er uproblematisk.
Når ho ikkje er på jobb, er ho med familie og vener, trenar, lagar mat, driv med handarbeid og steller i hagen.
– I 2002 vann pappa 2,6 millionar kroner i lotto, og då fekk eg litt pengar som eg bruka til å kjøpe eit gamalt hus i Sverige. Me trivast godt der, fortel ho.
Har sagt ja til utfordringar
Camilla snakkar ikkje utprega Seljord-dialekt, men har alltid tenkt at det å ha litt dialekt frå Vest-Telemark er ein fordel når ein er advokat.
– Det gjev litt ekstra truverd. Det har hendt når eg har vore i retten og skal prosedere, at eg snakkar litt breiare enn eg som oftast gjer. Eg veit at det ikkje bare er eg som tenker at det er ein fordel.
Ho smiler lurt, og viser oss ein av rettssalane. Det er høgt opp til taket, og høgtideleg stemning der inne. Det er ikkje lov til å gå heilt fram til der dommarane sit.
Camilla seier at ho alltid har tenkt at ein bør velje utdanning og yrke ut ifrå det ein er interessert i. Ho har sjølv aldri drive med karriereplanlegging.
– Eg synest ein bør finne ut undervegs kva ein har lyst til å gjere. Eg har funne min veg ved hjelp av to prinsipp. Eg gjer så godt eg kan med oppgåver eg får. Og eg har sagt ja til utfordringar, sjølv om eg har vore litt usikker på om eg kjem til å klare det.
Ho gler seg til ein variert og krevjande jobbkvardag som høgsterettsdirektør, slik det stod skildra i stillingsannonsen.
– Er folk annleis rundt deg nå som du har blitt direktør?
– Eg håper folk tenker at eg er den same Camilla, seier ho, og går smilande bortover gangen til lyden av «klikk-klakk-klikk-klakk».