Historisk gode lesartal for VTB
– Eit opplagstal på over 6000 er ein stor milepæl for VTB. Me har aldri hatt fleire abonnentar. Dette er eit tal eg ikkje trudde me kom til å sjå her i regionen som det bur 14 000 innbyggjarar, seier redaktør i VTB, Øystein Øygarden.
I dag blei opplagstala for aviser presenterte, og tala viser at aldri før har så mange lese VTB. Opplagstalet er totalt 6157.
Dette er ein framgang på 6,9 prosent frå fjorårets opplagstal som var 5759.
Redaktør Øystein Øygarden meiner at opplagstalet er eit teikn på at folk vil ha lokale nyheiter.
– Me prøvar å vera tett på og skrive om det som skjer der folk bur. Me skal både skrive om dei små og dei store sakene.
Han legg til at VTB har ein solid og rutinert stab på heile huset.
– Det har heller aldri vore fleire i redaksjonen i VTB enn i dag. Det gjer at me har ressursar til å kunne gå grundig inn i saker.
Telemark
For avisene i Telemark er det fire aviser som har auke i opplagstal, TA, Varden, PD og VTB.
Takk til lesarane
Øygarden rettar ein takk til lojale abonnentar.
– Stadig fleire les VTB digitalt, men me er framleis opptatte av å også gje ut ei solid papiravis for dei som aldri kjem til å lese oss på vtb.no. Og det at mange les oss gjer også at lokalavisa framleis kan vera ein viktig kanal for lokale annonsørar.
Redaktøren er også oppteken av at VTB må bli endå meir relevant blant dei unge.
– Me ynskjer fleire unge stemmer i avisa og jobbar aktivt med dette, legg han til.
Lokalavisene veks
Landslaget for lokalaviser (LLA) har 130 medlemsaviser, og dei ferske opplagstala viser at lokalavisene står sterkt landet rundt. Den samla digitale veksten for desse avisene er over 11 prosent.
Generalsekretær i LLA Tomas Bruvik er glad for at lokalavisene står sterkt.
– Nok ein gong ser me at lokalavisene lagar spennande journalistikk som svært mange vil betale for. Dei fine opplagstala viser at folk set stor pris på lokal, redaktørstyrt og uavhengig journalistikk frå eigen kvardag og nærmiljø, kanskje særleg når det er urolege tider ute i verda, meiner Bruvik.