Det var fullt hus då folkerørsla meining, mat og mot kom til Vinje. I alt møtte nærmare 450 personar opp for å høyre om matproduksjon og forsyningstryggeik i Noreg. Edel Urstad (t.v.) er grunnlaggjaren av folkerørsla. Tor Mølster Byggland er lokal initiativtakar.
Elin Fjalestad
Har fått mange reaksjonar: – Viktig tema med tanke på den urolege verda me lever i nå
Initiativtakarane til folkemøtet Meining, mat og mot, har fått mange reaksjonar etter arrangementet på Vinjehuset. Nå meiner dei det er viktig å følgje opp.
– Det var nok ein vekkar for mange, seier Tor Mølster Byggland.
Han er lokal bonde, og også ein av dei som tok initiativ til å arrangere eit folkemøte om matproduksjon og forsyningsberedskap.
At Noreg er eit av dei landa som er minst sjølvforsynte på mat i verda meiner han er for dårleg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP