Hans Edvard Askjer, Telemark KrF

Hans Edvard Askjer

Alder: 63 år

Kjem frå: Lunde, nå Skien

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?

a) Vi satsar på familiane og gir auka barnetrygd, fri fordeling og auka foreldrekvote og skattelette pr. barn.

b) KrF stimulerer til auka etablering og utvikling av privat næringsliv i heile fylket.

c) KrF vil kjempe for betre kommuneøkonomi, og redusere etterslep på vegvedlikehaldet.

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

Betre liner for overføring mellom straumområde og mindre forskjellar mellom nord og sør er viktig. Vi bør også sjå på nye måtar å produsere meir straum på, som kjernekraft.

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon? 

Eg trur vi må gjere meir av alt både vatn, vind, sol og kjernekraft, men kommunen skal sjølv bestemme.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort? 

Dette etterslepet let seg ikkje tette ved hjelp av kommunale og fylkeskommunale budsjettrammer slik desse er i dag. Det betyr at staten må komme med meir pengar.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Eg trur på større påverknad på egne turnusar, betre løn og attraktive botilbud, og jobb for begge i husstanden.

6. Kva vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?

Vi kan ikkje gjera anna enn å legge rammer for familiane slik at kvardagen og livet går betre i hop. Vi kan ta i bruk den arbeidsreserven som består av unge utanfor jobb og utdanning, og vi kan ta i bruk fleire med hol i CV eller nedsett funksjonsevne.

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Stimulere til attraktive arbeidsplassar, og gode skular og barnehagar. Resten må kommunane gjere for å bli attraktive.

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Sørge for at fleire kan skape seg gode familiar og robuste lokalsamfunn.

Powered by Labrador CMS