
Halvparten av maten skal vere frå Telemark. – Vil gå føre med eit godt eksempel
Innan 2028 skal minst 50 prosent av all mat og drikke som fylkeskommunen kjøper inn vere frå Telemark.
- Me vil gå føre med eit godt eksempel overfor andre organisasjonar, institusjonar og offentlege organ, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid i ei pressemelding.
Politikarane vedtok i dag at mat og drikke som blir servert i kantiner, på møte og arrangement i regi av Telemark fylkeskommune skal ha ein tydeleg tilhøyrsel til fylket vårt.
Innan 2028 skal minst 50 prosent av fylkeskommunens anskaffingar på mat og drikke ha opphavet sitt i Telemark eller nærliggjande regionar.
- Gjennom innkjøpa våre kan me bidra til å utvikle samfunnet i rett retning. Offentlege anskaffingar er eit viktig næringspolitisk verkemiddel, seier fylkesordføraren.
Auka bruk av lokale råvarer vil bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matnæringa i Telemark. Ved at offentleg sektor, med fylkeskommunen i spissen, kjøper lokale råvarer sikrar me ein jamn og føreseieleg etterspurnad, noko som er ein viktig tryggleik for produsentane, særleg i situasjonar der dei vurderer om dei skal gjere investeringar og oppgraderingar.
- Skal me nå målet om 50 prosent sjølvforsyning, må dette skje lokalt og regionalt. Dagens vedtak vil bidra til landbruksproduksjonen i heile Telemark, seier Løkslid.
Ved å kjøpe kortreist mat blir det også redusert klimautslepp i samband med transport, samtidig som dette er ein måte å halde oppe og vidareutvikle kunnskapen om mathandverk og mattradisjonar i Telemark.