Mari Heddejord (t.v.), Natalie Indine Hansen, Vilde Grestad og Luzzy-Sofie Lundevall Hauge.

Gøy med ein aktiv og lærerik skuledag

Rett før sommarferien har det blitt tradisjon for ungdomsskuleelevane i Kviteseid å få ei god påminning på korleis ein kan vere trygg i vatn. 

Publisert

Etter ei god teoriøkt frå tidlegare politimann Bjørn Håvard Olsen og Merethe Reinskås frå Fyresdal Røde Kors nede i bryggeparken i Kviteseidbyen, fekk elevane i 8. og 9. klasse ved Kviteseid skule prøve seg på ulike aktivitetar torsdag. 

Tryggleik ved og på vatnet har blitt ein fast temadag saman med representantar frå politiet, brannvesenet, Røde Kors og Kviteseid kommune.

Hjarte og lungeredning, kast av redningsline, stafett med promillebriller og ein tur ut i båt med promillebrillene på gav ungdommane ulike opplevingar.

9.-klassingane Mari Heddejord, Natalie Indine Hansen, Vilde Grestad og Luzzy-Sofie Lundevall Hauge fortel at dei synest det er gøy med ein aktiv og lærerik skuledag rett før sommarferien. 

Jentene meiner det er fint å få vere med på aktivitetsdagen fleire gonger på ungdomsskulen.

– Det er fint å repetere det ein har lært og få ei påminning på at ein skal ta vare på seg sjølv og andre, og kva ein skal gjere dersom det skjer ei ulykke. Ein skal alltid ha på redningsvest eller tore å seie frå til andre dersom dei ikkje brukar vest, fortel mellom anna 9.-klassingane etter dei har vore på båttur saman med politiet.







Powered by Labrador CMS