Geir Ufs

Geir fekk æresprisen

Få har bruka fleire dugnadstimar på fotballen i Treungen enn Geir Ufs. Nyleg blei han heidra med æresprisen i idrettslaget. 

Publisert

I 1978 spela Treungen IL sin fyrste fotballkamp, og i åra som følgde var Ufs svært aktiv. I 1979 var han faktisk fotballtrenar for alle laga i klubben: lilleputtlaget, smågutelaget og A-laget. 

I 21 år har han vore ein del av fotballgruppa, i 14 år har han vore med som trenar, og ofte for fleire lag i slengen. I 11 år har han vore leiar av fotballgruppa, og i 2 år har han vore leiar av hovudstyret. 

Han var på sitt aller mest aktive på 70- og 80-talet, og også litt utover på 90-talet.

Smågutelaget i Treungen: Bak frå v: Thomas Haugane, Odd Rune Johansen, Terje Wathne, Geir Ufs (trenar), Leif Røysland, Bjørn Wathne, Hans Olav Nes. Framme frå v: Kjetil Olav Tveit, Inge Olav Fjalestad, Steinar Gundersen, Arild Jortveit, Erik Øystein Dale, Arild Emil Johansen, Jon Bjarne Felle.

Så gjorde han comeback i 2023 og vart leiar av fotballgruppa på nytt, ei oppgåve han har hatt dei tre siste åra. Og då G12 stod utan trenar i fjor, tok han også på seg dette oppdraget.

– Årets prisvinnar er ein ivrig fotballpappa. Han stiller på alle kampar, både heime og borte. Han er blant dei fyrste til å melde seg til køyring og andre oppdrag, og bidreg med høge og tydelege heiarop frå sidelinja, heiter det frå grunngjevinga.

– Me er nokså sikre på at årets prisvinnar er ein av dei som gjennom Treungen idrettslag si 120 år lange historie har brukt flest dugnadstimar på å skape fotballaktivitet i Treungen idrettslag. Og for det vil me hylle han med årets ærespris, blei det sagt vidare der styret i Treungen IL takka for innsatsen.

Geir Ufs frå den aktive fotballkarrieren.
Powered by Labrador CMS