Landskapsfotograf: – Fyrst og fremst ville eg vera landskapsfotograf, sa Arne Aas til Vest-Telemark blad for to år sidan. Arkivfoto frå mars 2018: Anne Sofie Tresland

Fotografen Arne Aas er død

Det var den 86 år gamle fotografen Arne Aas frå Seljord som blei funnen omkomen i Ravnejuv i Tokke etter ein større leiteaksjon nyleg.

Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter opplyser at den omkomne mista livet som fylgje av eit fall frå stor høgde, og at pårørande har samtykka i offentleggjering av namnet.

Arne Aas kom frå Nygarden i Os i Nord-Østerdalen. Fotoutdanninga tok han ved Fotofagskolen i København. Deretter hadde han seks års praksis hjå fotograf R. Nyblin i Skien. I Skien trefte han livspartnaren sin, Signe Brauti frå Kviteseid. Ho gjekk bort for fire år sidan, og Aas har sidan budd åleine i huset i Gravshaugane i Seljord. Paret hadde ikkje born.

Artikkelen held fram under annonsen.

Portrett og landskap

Etter mange år land og strand rundt med fotografering for Aune kunstforlag, starta paret fotoforretning og portrettstudio i Seljord i 1968. Denne dreiv dei i 24 år. Mange vesttelar har blitt avfotograferte der, både som små ungar, som konfirmantar og brurepar.

Aas har også gjeve ut tre biletbøker; Fagre Telemark i 1997, Løyndomsfulle Setesdal i 2000 og Minne frå Telemark i 2009. I 2017 blei han tildelt Seljord kommunes kulturpris.

Gav bort livsverket sitt til VTM

Det meste av biletmaterialet sitt har Aas gjeve til Vest-Telemark museum, fordi han ville at interesserte skulle få glede av dei kring sju tusen motiva.

Me veit alle at det er slutt ein dag, og då er det fint om nokon kan dra nytte av biletsamlinga, sa den engasjerte fotografen til Vest-Telemark blad for to år sidan om donasjonen.