Det bur fleire i Kviteseid denne sommaren enn det gjorde i fjor. Her frå loppemarknad i Kviteseidbyen i vår.

Folketalet veks i Vest-Telemark – men ikkje i alle kommunane

Nye innbyggjartal frå SSB viser at fleire kommunar i Vest-Telemark har hatt vekst det siste året. Kviteseid peikar seg ut med den sterkaste utviklinga, medan Vinje og Fyresdal går tilbake.

Publisert

Tal frå SSB viser at dei seks kommunane i Vest-Telemark hadde til saman 14 312 innbyggjarar 1. juli 2026. Det er 13 fleire enn på same tid i fjor.

Samanlikna med 1. juli 2025 har Seljord auka med 37 innbyggjarar, Kviteseid med 28, Tokke med fem og Nissedal med 19. Fyresdal har gått ned med seks innbyggjarar, medan Vinje har hatt ein nedgang på 70.

Folketalsutvikling i Vest-Telemark

Tal frå SSB

Kviteseid med størst vekst - Vinje med størst nedgang

Den andre tabellen frå SSB gir eit meir detaljert bilete av kva som påverka folketalet i 2. kvartal 2026 (april, mai og juni).

Tala illustrerer at folketalsutviklinga i Vest-Telemark ikkje går i éi retning. Nokre kommunar opplever tilflytting som er stor nok til å vege opp for fødselsunderskotet, medan andre har både fødselsunderskot og fleire som flyttar ut enn inn.

Tal frå 2. kvartal 2026

Tabell med demografiske tal for fleire geografiske område.

Tal frå SSB

I Seljord auka folketalet med 11 personar i løpet av kvartalet. Kommunen hadde tre fleire dødsfall enn fødslar, men fekk 14 fleire innbyggjarar gjennom flytting.

Kviteseid hadde den største veksten i andre kvartal, med 35 fleire innbyggjarar. Her var fødselsunderskotet på to, medan netto innflytting gav ein auke på 37.

I Nissedal auka folketalet med éin person. Her var det tre fleire fødde enn døde, medan netto utflytting trekte folketalet ned med to.

Tokke fekk to fleire innbyggjarar. Kommunen hadde eit fødselsunderskot på tre, men fem fleire flytta til kommunen enn frå han.

I Fyresdal gjekk folketalet ned med seks personar i andre kvartal. Kommunen hadde både fødselsunderskot og netto utflytting.

Vinje hadde den største nedgangen også i andre kvartal, med 17 færre innbyggjarar. Her var fødselsoverskotet ein, men netto utflytting på 18 personar.

SSB presiserer at dei kvartalsvise befolkningstala kan avvike noko frå befolkningstala som departementet seinare legg til grunn i inntektssystemet.

Powered by Labrador CMS