,

Tusen takk for eit nytt, fantastisk tilbod, helsar Kvitsund-elevane Hanne Galteland (t.v.), Hanna Aadland Tappel, Sondre Skutlaberg og Line Yri Aaberg.

Fekk teste ut det nye tilbodet før opninga. – Det tok bare nokre minutt før elevane blei gira

Fredag opnar Seljord idrettslag to nye padelbanar nede på Eventyrøy. Breiddeidrett-ungdommane ved Kvitsund gymnas har alt testa anlegget, og fullrosar det nye tilbodet. 

Førre veke tok breiddeidretts-elevane ved Kvitsund gymnas turen til Seljord for å spele padel på dei nye banane. 

– Det tok bare nokre minutt med instruksjon før elevane blei gira, fortel breddeidrettslærar og padel-entusiast, Hamish Moore.

Han seier elevane elska spelet og var utruleg imponerte over kvaliteten på dei to nye banane. Nå har skulen kjøpt inn padelracketar som elevane kan låne med seg. 

Opnar fredag kveld

Nestleiar i Seljord idrettslag, Hans Inge Hagen, fortel at det blir opningsmarkering av dei to nye padelbanane på Eventyrøy fyrstkomande fredag kveld. Denne dagen opnar idrettslaget også for bestilling av tid på banen, og dei vil ha eit skap med utstyr for utlån for dei som ikkje har det. 

Hagen fortel at idrettslaget også har bygd to nye fotballbanar med vant ved sida av padelbanane. 

Idrettslaget har bestemt at det skal vere gratis for alle å nytte padelbanen fram til 1. juli.

– Me håpar folk frå heile Vest-Telemark vil kome og bruke banen, seier Hagen.

Padel er dødsgøy, meiner Hanna Aadland Tappel.
Elizabeth Hylton er takksam for det nye tilbodet i Seljord.

Nøgde ungdommar 

Etter den fyrste turen Kvitsundelevane hadde på padelbanen, har det blitt fleire. Moore fortel at ungdommane var overraska over det flotte nye anlegget.

Kva er padel?

Padel er ein racketsport som kombinerer element frå tennis og squash. Han blir som oftast spelt som dobbelspel på ein mindre, inngjerda bane.

Padel er ein av dei raskast veksande idrettane i Europa, særleg i Spania og Sverige. Også i Noreg har sporten fått stor vekst dei siste åra.

Banen er  10 meter brei og 20 meter lang, med veggar av glas og netting som ballen kan sprette frå.

Poengssystemet er det same som i tennis: 15, 30, 40 og game. Ein må vinne med to game i sett og to sett for å vinne kampen.

Elizabeth Hylton er elev på Kvitsund, og seier ho er utruleg takksam for at dei kan bruke banen. 

– Me er ein gjeng som nå har bruka han fleire gonger, og det har vore ein veldig fin måte å vere sosiale medan me prøva ut ein ny aktivitet.  

Line Yri Aaberg er einig, ho meiner også padel er gøy. 

– Og nå som dei har fått det i Seljord kan me reise og spele det ofte, seier ho. 

– Padel er dødsgøy og banen ligg fint til. Det er lett tilgjengeleg og det er ein fin aktivitet å gjere med venner. Ein er både aktiv og sosial på ein gong, og det er gøy for alle nivå, meiner Hanna Aadland Tappel.

– Eg vil også gjerne sende ein stor takk og heider til eldsjelene som fekk dette prosjektet i gang. Kjempebra jobba, seier breddeidrettslærar Moore. 

Powered by Labrador CMS