Jarand Felland (Sp) vil ha nye bustadtomter i Nesmarkåsen.

Fekk fleirtal for planane på Nesmarkåsen

Politikarane vil ha attraktive bustadtomter på Åmdals Verk. Men kvar skal dei ligge og kva skal det koste? 

Publisert

– Det er omtrent femti år sidan det var lagt ut nye tomter på Åmdals Verk. Nå er det nokon få ledige igjen, og dei har det ikkje vore etterspørsel etter på femti år. Eg trur ungdommen vil sette pris på at det kjem nye tomter her. 

Det sa ordførar Jarand Felland (Sp) i torsdagens kommunestyremøte i Tokke. På sakskartet var detaljregulering av bustadar på Nesmarkåsen. Nesmarkåsen ligg rett over byggefeltet på Åmdals Verk, 500 meter unna i luftlinje vart det sagt i debatten, og politikarane har tidlegare bestemt at kommunen skal regulere området slik at det kan bli bygd bustadar her. Det vart tidlegare sett av 300 000 kroner til dette.

Her skal Tokke kommune regulere for nye bustadtomter. Planen er at tilkomstvegen blir frå gamleveg.

Etter at administrasjonen byrja på arbeidet fann dei ut at planarbeidet vart dobbelt så dyrt. Det er delte meiningar om kommunen skal grave djupare i lommeboka for å gå vidare med arbeidet eller ikkje. 

Men torsdag bestemte fleirtalet at nye 300 000 skal bli brukt på dette.  

Natur og særpreg

Kommunedirektøren rådde politikarane til å avslutte arbeidet med å regulere for bustadar på Nesmarkåsen, men då saka gjekk i formannskapet i oktober foreslo Senterpartiet å auke summen til reguleringsarbeidet med 300 000 kroner. I formannskapet danna  Senterpartiet og KrF fleirtal for dette, og dei hadde ikkje endra meining sidan då. Dei elleve representantane frå Sp og KrF i kommunestyret sa ja til å bruke meir pengar på reguleringsarbeidet. Ap, Høgre, Frp, SV og MDG sine ti representantar var einige med kommunedirektøren og ville stanse arbeidet. 

Mindretalet argumenterte både med at dei ikkje vil bygge ned meir urørt natur, at andre alternativ ikkje er sett grundig nok på og at ein huskrull ved Nesmarkåsen ikkje tek vare på særpreget som er på Åmdals Verk. 

Pernille Sørdal frå Miljøpartiet Dei Grøne er uroa for nedbygging av natur.

– Me ønsker også attraktive tomter i Tokke. Men me hadde ikkje vore mykje til miljøparti om me ikkje hadde snudd alle andre steinar fyrst for nå er det snakk om å gå laus på eit ikkje-utbygd området litt utanfor sentrum, sa Pernille Sørdal (MDG). 

Stein Olav Lie frå Ap viste også til at området er urørt natur. 

– Ja ja, fem mål. Det er jo berre ein liten flekk, men tenk om alle tenker slik, sa Lie frå talarstolen. 

Han stilte spørsmål ved om kva slags dokumentasjon som finst for behovet av nye bustadtomter på Åmdals Verk og meiner det er mange argument for å fortette og forlenge dagens byggefelt. 

– Eg synest det er uheldig at me skal dele grenda i to huskrullar. Det er det vanskelegaste for meg, sa Lie som sjølv bur på Åmdals Verk. 

Stein Olav Lie frå Ap meiner det er uheldig at grenda blir delt i to.

Partifelle Kjell Magne Grave viste til ein rapport frå Riksantikvaren som viser at det er 33 kulturhistoriske landskap i Telemark som har nasjonal interesse. Eitt av desse er Åmdals Verk og Bandaksli på grunn av gruvehistoria, og omfattar området rundt Åmlivatn, bebyggelsen og gruveområdet på Åmdals Verk og ned til Bandaksli brygge. Han meiner derfor dei heller må sjå på andre alternativ, nemleg fortetting og utviding av eksisterande byggefelt. 

Viste til Høydalsmo

– Me treng hus og tomter, og på Åmdals Verk manglar me begge delar, sa Tor Arne Heggtveit (Sp). 

Han var ikkje i tvil om at kommunen må halde fram arbeidet med nye bustadtomter på Nesmarkåsen. Han viste til Høydalsmo der det i mange år var ledige, gratis tomter, men ingen ville ha dei. Då kommunen laga nytt bustadfelt med meir attraktive tomter, snudde det. Nå er tre hus ferdige og det fjerde blir snart starta på. 

– Tretten nye innbyggarar, ni av dei er tilflyttarar og fire budde i Høydalsmo frå før. Poenget mitt er at me treng hus eller tomter, og Åmdals Verk manglar me begge delar. Og kva gjer me då når me samtidig ønsker nye innbyggarar? 

Tor Arne Heggtveit (Sp) meiner Åmdals Verk treng nye attraktive tomter.



Powered by Labrador CMS