Energidrikk, russebuss og pensjon – dette skjer i 2026
Frå nyttår er det forbode å røyka med barn i bilen og på leikeplassar. Du må vera 16 år for å kjøpa energidrikk, men kan jobba til du fyller 72 år. Her er lover og reglar som trer i kraft 1. januar.
No blir det 16 års aldersgrense for kjøp av energidrikk. Aldersgrensa gjeld òg i kantiner, på automatar, på festivalar og på idrettsarrangement. Om ein kjøper på nettet, så skal alderen sjekkast før ein får utlevert vara.
Nokon har lurt på kva som skjer viss til dømes foreldre kjøper til eit bursdagsselskap eller har energidrikk heime.
– Regelverket gjeld for verksemder som sel energidrikk og dekkjer ikkje det som er såkalla «aktivitet i privat øyemed», fortel seksjonssjef Marius Kallerud Beck som jobbar i seksjon for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet.
Mattilsynet kan ikkje følgja opp ein privatperson. Dette vil difor skilja seg frå til dømes sal av øl og vin, som det er forbode å gi vidare. Men å selja til dei under 16 år er ulovleg, og ein kan få bøter. Ifølgje forskrifta kan ein til og med risikera inntil eitt år i fengsel.
Skattelotteri og pensjon
Det såkalla skattelotteriet trer i kraft frå nyttår og skal lokka fleire ut i arbeidslivet. 100.000 tilfeldig utvalde personar fødde mellom 1991 og 2006 (18-25 år) har i ei forsøksordning fått skattekort med lågare skatt. Øvre grense er inntekt på 657.500 kroner i året. Då kan skatten reduserast med inntil 27.500 kroner.
– Om du er blant dei som er vorne trekte ut, kan du sjå korleis det påverkar skatten din på Skatteetatens nettsider, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
I den andre enden av karrieren er det innført ei ny øvre aldersgrense. No kan tilsette i dei fleste yrke utsetja pensjonisttilværet og bli i jobben til ein fyller 72 år. Er du fastlege kan du til og med jobba til du er 80 år
Russetid og førstegongsteneste
Alle på vidaregåande som ser fram til russetida, har nok fått med seg at det no blir forbode med sidevende sete og ståplassar i russebussane. Protestane var store frå russen mot dei nye reglane som gjeld frå 1. januar. Frå no må seta i bussane venda framover eller bakover.
– Norske vegar skal vera trygge å ferdast på, også for russen. No aukar me trafikktryggleiken i russebussane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Når russetida er over, er det tid for mange å tenkja på førstegongsteneste. I dag startar omtrent 15 prosent frå kvart årskull på førstegongsteneste, men denne andelen skal aukast til 25 prosent. Personar med ADHD og astma kan òg bli kalla inn. Forsvaret seier dei vil mjuka opp krava til helse og medisinske kvalifikasjonar. Dei nye reglane kjem på vårparten.
Helse og røyking i bilen
Eigendelen på viktige legemiddel blir auka frå 50 prosent til 60 prosent frå nyttår. Samtidig blir makspris senka per utlevering frå 520 til 400 kroner. Dei nye endringane vil få mykje å seia for personar som har fleire blåreseptar på kostbare medisinar eller utstyr, spesielt fordi maksbetalinga no blir endra til å gjelda samla utlevering, ikkje per resept.
No blir det òg røykfrie leikeplassar og røykfrie utandørs idrettsområde og parkar der det er lagt til rette for idrettsaktivitet. Dersom det blir arrangert festival i området, er det framleis ulovleg å røyka. Det er normalt kommunane som skal følgja opp dette.
I tillegg er det ikkje lenger lov til å røyka i bil viss nokon under 18 år sit i bilen. Blir du teken her, er det ei sak for politiet. Alle forboda gjeld òg for vaping. Det blir òg forbode å importera tobakksvarer og e-sigarettar via nettet.
– Reglane har som formål å betra vernet mot passiv røyking og redusera tilgangen for mindreårige til tobakks- og nikotinprodukt, seier Helse- og omsorgsdepartementet.
Fiskeforbod i Oslofjorden
Oslofjorden i ferd med å bli tom for fisk. Difor blir det fiskeforbod frå nyttår – både for fritidsfiskarar og yrkesfiskarar i visse område i Oslofjorden. Det gjeld indre fjord og ved Færder og Ytre Hvaler. Krabbefiske med snøre for barn vil framleis vera tillate, og det kan bli gitt dispensasjon til forskings- og undervisningsaktivitetar og fjerning av stillehavsøsters.
Frå nyttår får ein drosjeeigar ikkje lenger vera tilknytt meir enn éin sentral. Målet er å få betre kontroll og fanga opp juks, men det skal òg betre tryggleiken for passasjeren.
– I tillegg blir det enklare for kundane å klaga når det berre er éin sentral å forhalda seg til, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) då reglane vart kjende i haust.
Store passasjerfartøy som er over 150 meter, får lenger ikkje lov til å passera seks utsette kyststrekningar dersom det er meldt sterk kuling. Det gjeld Hustadvika, Folda, Fugløykalven, Sørøya og Honningsvåg. Skipa til Hurtigruten og Havila er kortare enn 150 meter og er ikkje ramma.
Momsfritak på elbilar
Etter noko ståhei i budsjettforhandlingane vart det det semje om momsfritaket for kjøp av nye elbilar. Dei som ønskte seg ny bil, frykta at fritaket skulle reduserast kraftig allereie frå nyttår. Men tidleg i desember vart det klart at regjeringa forskyv nedtrappinga over fleire år. Momsfritaket blir heilt fjerna først i 2028. For 2026 blir taket for fritak sett ved 300.000 kroner.
Det blir òg slutt på ekstra gebyr for bompengebrikka. Det skjer rett nok ikkje før 1. mars, men etter den datoen får selskapa ikkje lenger krevja meir for brikka enn den faktisk kostar å administrera.
(©NTB)
(©NPK)