Kommuneoverlege: Marius Opsahl

Dette er kommuneoverlegen sine råd i varmen

Særleg eldre og personar med kroniske sjukdomar bør vere merksame i varmen. 

Publisert

Både i dag (onsdag), i morgon, og fredag er det i Vest-Telemark meldt temperaturar på meir enn 30 grader. Dei fleste toler varme godt, men eldre og personar med kroniske sjukdomar har større risiko for å bli sjuke når det er varmt.

Det seier kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje til VTB. 

– Når me blir eldre, endrar kroppen seg på fleire måtar som gjer det vanskelegare å handtere varme. Blodårene blir mindre elastiske og utvidar seg ikkje like lett for å kvitte seg med overskotsvarme. Sveitteproduksjonen blir redusert, slik at kroppen kjøler seg dårlegare ned. Samstundes blir tørstekjensla svakare, og mange drikk for lite utan å vere klar over det. Dette aukar risikoen for dehydrering, varmeutmattelse og i verste fall heteslag, seier Opsahl.

Kroniske sjukdomar som hjarte- og karsjukdom, lungesjukdom, nyresjukdom og demens kan gjere kroppen endå meir sårbar i varmt vêr.

Kommuneoverlege kjem med desse råda i varmen: 

  •  Legg gåturar og annan fysisk aktivitet til morgonen eller kvelden når temperaturen er lågare. Vel rolege aktivitetar og ta pausar.

  • Opphald deg mest mogleg i skuggen eller i svale rom.

  • Drikk jamleg gjennom heile dagen – også om du ikkje kjenner deg tørst. Vatn er den beste tørstedrikken.

  • Et lette måltid med mykje væske, som frukt og grønsaker. Ved kraftig sveitting kan det vere behov for litt ekstra salt gjennom kosten.

  • Ta ein sval dusj eller bruk ein kald, fuktig klut på nakke og handledd for å kjøle deg ned.

  •  Bruk lette, lyse klede og solhatt når du er ute.

  •   Avgrens alkohol og store mengder koffein, då dette kan bidra til væsketap.

  •  Sjå gjerne innom eldre familiemedlemmer, naboar eller andre som bur åleine. Ei enkel påminning om å drikke og halde seg avkjølt kan vere viktig.


Legemiddel som kan påverke

Enkelte legemiddel kan òg påverke kroppen si evne til å handtere varme, seier Marius Opsahl.

  • Blodtrykksmedisinar (til dømes betablokkarar) kan redusere evna til å transportere varme frå kroppen.

  • Vassdrivande legemiddel aukar risikoen for væsketap og dehydrering.

  • Antidepressiva og angstdempande legemiddel kan påverke sveittinga og temperaturreguleringa.

  • Antihistamin og slimhinneavsvellande legemiddel kan redusere sveitteproduksjonen.

  • Legemiddel mot Parkinsons sjukdom og demens kan påverke både væskebalansen og kroppen si evne til å kjøle seg ned.

Opsahl seier det er skilnad på å vera utmatta av varmen og heteslag. 

– Varmeutmattelse kjem oftast etter lengre tid i sterk varme eller ved stort væsketap. Vanlege symptom er kraftig sveitting, tørste, svimmelheit, hovudverk, kvalme, muskelkrampar og slappheit. Tilstanden kan som regel behandlast ved å kome seg i skuggen eller eit kjølig rom, kjøle ned kroppen og drikke rikeleg med vatn eller annan væske, forklarar Opsahl.

– Heteslag er derimot ein akutt og livstruande medisinsk tilstand. Då sviktar kroppen si evne til å regulere temperaturen, og kroppstemperaturen blir farleg høg. Personen kan bli forvirra, ustø, få redusert medvit eller miste medvitet. Huda kan vere varm og tørr, men kan også vere fuktig. Ved mistanke om heteslag skal ein ringe 113 med det same, flytte personen til ein sval stad og starte nedkjøling medan ein ventar på ambulansen.

– Med nokre enkle forholdsreglar kan dei fleste nyte sommaren på ein trygg måte. Ta vare på deg sjølv – og kvarandre, avsluttar kommuneoverlegen.


Powered by Labrador CMS