Vest-Telemark-leikane – vinter
Desse fem kjempar om det gylne mjølkespannet
Seks år har gått sidan Torgeir Lid Byggland mottok mjølkespannet som viste at han vann den fyrste utgåva av Vest-Telemark-leikane. Nå er det eit nytt gyllent spann å kjempe om for fem nye deltakarar.
Langfredag blir alle dei fire episodane av sesong to av Vest-Telemark-leikane lagt ut på vtb.no.
Fem deltakarar frå fem kommunar kjempar om det gjeve gylne mjølkespannet:
Mai Kile, Fyresdal, Marte Straand, Kviteseid, Hallgeir Aarbakk, Seljord, Håkon Lie, Tokke, Magnus Helle, Vinje
Nissedal skulle også ha vore representert med ein deltakar, men måtte melde avbod.
Kulissane er naturleg nok lagt til Morgedal. Her konkurrerer deltakarane i fire innleiande øvingar før semifinale og finale.