Sondre Moen, saman med sønene Torgrim og Torjus.

Dagens jeger: – Det beste er nok når ein lykkast med ein plan for jakta

Dagens jeger er Sondre Moen (37) frå Seljord.

Publisert Sist oppdatert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har vore med på jakt sidan eg var 6-7  år.

2. Kva jaktar du?

No er det mest reinsdyr, elg, hjort og rådyr. Tidlegare har eg hatt engelsk setter og beagle, så eg jakta ein del rype og jase, i tillegg til å jakte gaupe og rev. Var òg ein tur til Sverige der eg felte eit villsvin. 

3. Kva er det beste med jakta?

Vanskeleg å seie, då det er så mange sider av jakta som er givande. Det kan vere når ein jaktar med hund og får samspelet til å fungere, eller om ein klarar å smyge seg innpå ein reinsflokk. Det beste er nok når ein lykkast med ein plan for jakta. 

4. Kva er det mest utfordrande?

Å få rett dyr. Veldig ofte kjem det dyr ein ikkje har kort til å skyte eller som ein ikkje har på kvota. Særleg når tettleiken på vilt er låg.

5. Fått noko dyr i år?

Nei, eg refererer til førre spørsmål.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Eg har vore veldig heldig å få jakte i utruleg flotte omgjevnader med elg- og hjortejakt i Grunningsdalen i Seljord og reinsjakt på Skardbu midt på Hardangervidda. Der har me hatt flokkar på 1000 dyr som fyller landet rett ved hytta. 

Det beste minnet kom nok i fjor då eg felte elg på post saman med min mellomste son, Torjus. Det var fyrste gongen han var med på ei felling.

Powered by Labrador CMS