Tuva Tvitekkja Skjelde (f.v.), Ida Lio, Sigrid Moen Lofthus, Henny Sandrød Tellefsen, Linea Bekk, Helbjørg Versto Nygård, Kaja Johansen Olsnes, Hannah Rashid Mohamed og Siri Marie Nystog.

Då politiet stengde festlokalet vart over 300 ungdommar ståande ute

Laurdag kveld stengde politiet dørene til halloweenfesten på Sundvang i Kviteseid. Det førte til meir kaos, meiner ungdomane som arrangerte festen. 

Publisert Sist oppdatert

– Me forstår at det er politiet si oppgåve å passe på, seier jentene som arrangerte Halloween-fest for ungdom i Vest-Telemark laurdag.

Dei reagerer likevel på måten politiet handterte situasjonen på, og meiner at det førte til uheldige og farlege situasjonar.

Tok kontakt med politiet

Dei femten jentene er alle elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule, og i fleire år har det vore ein tradisjon at andreklassingane har arrangert Halloween-fest om hausten. Men dette er eit privat initiativ, og ikkje i skulens regi, understrekar dei. 

Jentene som går både på studiespesialisering og helse- og oppvekstfag hadde planlagt festen i lang tid. På førehand hadde dei blant anna tatt kontakt med politiet for å få løyve til å arrangere festen som skulle vere på Sundvang kulturhus i Kviteseid. Politiet hadde sett fleire vilkår for festen. Sidan dette var eit arrangement for dei som går på vidaregåande, og mange av dei er under 18 år, skulle arrangementet vere rusfritt. Det skulle vere to vektarar til stades og festen skulle bli avslutta til midnatt. 

Sjå svaret til politiet lenger ned i saka.

Blei kaos

Festen starta klokka åtte, og mange hadde kledd seg ut i Halloween-kostyme. Sidan arrangørane var under 18, var det med 11 foreldre som vakter, fortel jentene.

I døra stod vektarane og foreldre og sjekka sekkar og baggar for at det ikkje vart tatt med alkohol inn på festen, og for å sjå etter at dei som kom inn ikkje var rusa.

Totalt meiner jentene det kom mellom 300 og 400 ungdommar på festen. Og dei opplevde at det var roleg og god kontroll inne, der dei blant anna hadde kiosk med sal av pylser og brus. 

I 21-tida, ein time etter at festen starta, kom politiet innom. Dei unge arrangørane fortel at dei først fekk tilbakemelding om at det såg bra ut, men at politiet så kom tilbake seinare og kravde at festen måtte bli avslutta. Då var klokka blitt 22. Grunngjevinga jentene fekk var at arrangementet ikkje lenger var rusfritt, at det var eldre ungdom som hadde skjenkt yngre, og at det var for mange ute, og for få inne. 

Alle som var inne fekk beskjed om å gå ut. Dørene til festlokalet vart låst, og ifølgje arrangørane reiste politiet kort tid etterpå. 

– Og det var då kaoset starta, meiner arrangørane. 

Utanfor var det mellom tre og fire hundre ungdommar som hadde avtalt å bli henta av sjåførar seinare på kvelden. Mange fraus. Ute vart det slåstkamp, og også utført hærverk. 

Foreldra måtte derfor ringe politiet og be dei om å kome tilbake. 

Om det var alkohol utanfor festen meiner arrangørane det ikkje gjorde situasjonen betre at alle vart sendt ut. Dei meiner det hadde vore betre om politiet hadde vore ute og handtert dei som laga bråk der og latt resten hatt det trygt, rusfritt og varmt inne. Dei bad også om at lokalet skulle vere ope ein time til, slik at deltakarane kunne rekke å bli henta.

– Mange hadde lang veg heim, seier dei.

Dei fleste vart ståande utanfor på parkeringsplassen.

Dei unge arrangørane forstår ikkje at tilhøva var så alvorlege at det var naudsynt å stenge ned festen. Dei opplevde at situasjonen vart langt meir kaotisk etter at alle vart kasta ut. Når politiet oppfatta situasjonen som så alvorleg at dei måtte stenge festen lurer dei også på kvifor hendinga ikkje kom på politiloggen. 

– Då kunne foreldra ha blitt varsla og fått henta borna sine, seier dei.

Glade for at politiet viser seg

Tone Berit Moen Lofthus er ei av mødrene som var med som vakt på festen.

– Og me var glade for at politiet kom. Det var også eit ynske frå ungdommen, seier ho. 

Sjølv opplevde ho at festdeltakarane var høflege og glade for at det var vaksne til stades, og ho såg ikkje at det var noko bråk før festen vart avslutta. Halvor Hylland Olsnes var også foreldrevakt på festen og var mykje ute på parkeringsplassen og snakka med ungdommane der. Han legg ikkje skjul på at det vart drukke alkohol ute, men meiner at politiet heller burde ha snakka med ungdommen, vist bort dei som lagde bråk eller ringt opp foreldre for å få dei til å hente ungdommane som ikkje forhaldt seg til reglane. Også han reagerte på at politiet reiste kort tid etter at dei hadde stengd lokalet. For då eskalerte festen, fortel dei to foreldra.

Moen Lofthus ringte opp politiet og bad dei om å kome tilbake. Då kom politiet tilbake til festen.

– Eg veit ikkje om dei tenkte at alle berre kom til å forsvinne då dei stengde dørene, seier ho. 

Med over tre hundre ungdommar ute på parkeringsplassen opplevde ho at situasjonen kom ut av kontroll.

Rusa ungdom

VTB har spurd politiet om kvifor dei stengde lokalet, om dei i ettertid tenker at situasjonen kunne vore handtert annleis og kva dei tenker er viktig med tanke på liknande arrangement i framtida. 

Politistasjonssjef Sigrid Dahl fortel at dei på førehand hadde sett nokså strenge vilkår for denne festen, sidan dei oppfatta at dette var ein type arrangement som fort kunne føre til ulovlege og uønskte tilhøve.

Det fyrste vilkåret var at arrangementet skulle vere rusfritt, og Dahl seier at det i løyvet var presisert at det inneber at det verken er lov å nyte alkohol inne i eller utanfor lokalet. Ho forstår at det kan vere utfordrande å ha kontroll på alkoholinntaket ute, og meiner det er ei av utfordringane med slike ungdomsfestar. Men om ein tillèt drikking ute er ein like langt, meiner ho.

– Intensjonen frå lovgjevar er å sikre at arrangement for barn skal vere rusfrie. Det er arrangøren sitt ansvar å leggje til rette for dette, skriv ho i ein e-post til VTB.

Dahl stadfestar at politiet valde å avslutte arrangementet, og fortel at dei som kom til staden meldte om rusa ungdom under 18 år – både innanfor og utanfor festlokalet, tilløp til bråk og slåsting utanfor, og også at det vart gjort skadeverk på nabobygget. Med bakgrunn i det vurderte dei at det ikkje var forsvarleg å gjennomføre festen.

Ho seier det sit langt inne hos politiet å avslutte slike festar, fordi det kan få uheldige konsekvensar.

– I dette tilfellet brukte politiet lang tid på å avslutte festen, og måtte tole mykje kritikk både frå deltakarar og foreldre, trass i at vilkåra me hadde sett ikkje vart følgde. Politiet var på staden i opp mot to timar, og forlèt staden rundt klokka 01.00. På det tidspunktet skulle festen for lengst ha vore avslutta i tråd med våre vilkår. Då politiet drog, hadde dei fleste deltakarane reist, opplyser ho.

Dahl reagerer på at mannskapet som var ute på oppdraget i Kviteseid i helga fekk kjeft for å gjere jobben sin.

– Det fortener dei verkeleg ikkje. 

Må forhalde seg til lovar og reglar

Politistasjonssjefen opplever at ungdomsfestar kan vere utfordrande for politiet fordi mange av dei legg til rette for at barn under 18 år kan drikke alkohol, og fleire blir haldne i forsamlingslokale der ein må ha skjenkeløyve for å innta alkohol. 

– Me ønskjer ikkje å hindre at ungdom samlast og har det moro, men både dei, me, utleigarar og foreldre må forhalde seg til dei lover og reglar som gjeld, seier Dahl. 

Ho seier at politiet prøver å informere om gjeldande regelverk når dei får meldingar om arrangement, men at dei opplever at litt for mange prøver å omgå regelverket. 

– Det gjer det vanskelegare for oss å ivareta samfunnsoppdraget vårt, seier ho.

Ungdommane som arrangerte festen i Kviteseid på laurdag kjenner seg ikkje igjen i at dei kjefta på politiet.

– Men me hadde ønska at dei vart verande igjen etter at dei stengde ned. For det var då kaoset starta, seier dei. 

Tida etter festen har også vore ubehageleg for jentene. Dei har fått mange meldingar frå skuffa festdeltakarar som hadde betalt seg inn på festen. Nokon av dei rakk ikkje å kome før lokalet vart stengt.

Sigrid Dahl er politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark.

– Folk er skikkeleg sure. Dei vil ha pengane sine tilbake, seier dei.

Powered by Labrador CMS