Mange tok turen på haustmarknaden til Rauland barnehage.

Marknadsfest i barnehagen samla store og små for ei god sak

Rauland barnehage inviterte til haustmarknad med ponniriding, kakelotteri og loppemarknad. Målet var å samle inn pengar til FORUT Barneaksjonen.

Publisert

Det var både born, foreldre, besteforeldre, bygdefolk og hyttefolk på plass då Rauland barnehage arrangerte haustmarknad til inntekt for FORUT Barneaksjonen.

Sjølv om haustkulda hadde meldt seg, heldt vêret seg tørt, og mange tok turen til barnehagen.

– Det var utruleg moro å sjå at så mange på tvers av generasjonar tok turen for å støtte ei god sak, skriv pedagogisk leiar Gunvor Karoline Seltveit i ei oppsummering av marknaden.

Uteområdet var fylt med aktivitetar for både store og små. Besøkjande kunne prøve lykka på lykkehjulet, kjøpe lodd i kakelotteriet og leite etter skattar på loppemarknaden. Det vart òg selt nysteikte sveler og pølser i brød, medan ponniriding var eit av høgdepunkta for dei yngste.

Rauland ridesenter stilte med ponniar. Kristine Kaldråstøyl (t.v.) og Anne Hilde Vaagen.

Lærer om born i andre land

Marknaden er meir enn ein dag med aktivitetar og handel. I forkant arbeider barnehagen med Barneaksjonen, som er eit pedagogisk opplegg for barnehagar og skular, der borna lærer om korleis jamaldrande lever i andre delar av verda. 

I år fylgjer barnehagane opplegget «Sanjana og drømmejobben». Gjennom filmar, musikk, forteljingar og aktivitetar blir borna kjende med Sanjana og kvardagen hennar på Sri Lanka.

– Borna lærer at ikkje alle born i verda har den same velferda som me er vane med her i Noreg, og dei får kjenne på kva solidaritet betyr i praksis, skriv Seltveit.

Borna er òg med på førebuingane til marknaden. Dei pyntar barnehagen, og dei eldste får prøve seg på å stå i matboden og selje.

Pengane som blir samla inn, går til FORUT sitt bistandsarbeid for barn og familiar i mellom anna Sri Lanka, Nepal, India, Sierra Leone, Malawi og Zambia.

FORUT er ein norsk bistandsorganisasjon som arbeider mot fattigdom og for ei rettferdig verd, med eit spesielt fokus på borns rettar, likestilling, og å gje born tryggleik og utvikling.

Kakelotteriet var populært og lodda vart selt i høgt tempo. Arrangørane var storfornøgde med marknaden. – Me kunne ikkje vore meir heldige med dagen.

Samlande prosjekt

Rauland barnehage har vore med på det pedagogiske opplegget til FORUT i mange år. Tidlegare har barnehagen gjerne arrangert mindre basarar og andre aktivitetar for born og foreldre.

I fjor ville dei prøve noko nytt.

– Eg ynskte eit felles, inspirerande prosjekt som kunne samle oss i endå større grad. Slik oppstod ideen om ein stor marknad, skriv Seltveit.

I år vart marknaden arrangert for andre året på rad. Målet er å skape ein dag med glede og fellesskap, samstundes som barnehagen samlar inn pengar til ei god sak.

Ein kunne gjere spennande funn på loppemarknaden.

Gjenbruk er òg ein viktig del av arbeidet i barnehagen, og derfor passar loppemarknaden godt inn i arrangementet. Det lokale næringslivet har i tillegg bidrege med gevinstar til lykkehjulet, og Rauland Ridesenter stilte med ponniar.

Seltveit rettar ein stor takk til sponsorane, ridesenteret, dei tilsette som bidrog til å få marknaden i stand, og alle besøkjande.

– Me ynskjer å rette ein stor og hjarteleg takk til alle som kom, handla, bidrog og gjorde denne dagen så spesiell. Takka vere det fantastiske fellesskapet i og rundt bygda vår, kan me no sende eit flott bidrag vidare til FORUT sitt viktige arbeid for born i andre delar av verda.

I barnehagen ser dei allereie fram til neste år.

– Me ser fram til marknaden i 2027, og ynskjer både gamle og nye besøkjande velkomne til oss.

Powered by Labrador CMS